Die Presse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Die Presse
Type Dagsavis
Format Fullformat
Grunnlagd 1946
Eigarar Dr. Horst Pirker
Utgjevar Styria Medien AG
Redaktør(ar) Michael Fleischhacker
Politisk tilknytting Sentrum-høgre og liberal
Hovudkvarter Parkring 12 A
1015 Wien
Nettstad diepresse.com

Die Presse er ei austerriksk dagsavis basert i Wien. Den vart grunnlagd i 1946 av motstandsmannen Ernst Molden, og følgjer i same spor som dei nedlagde avisene Die Presse (1848-1896) og Neue Freie Presse (1864-1938). Avisa dekker generelle nyhende. Den blir ofte sitert i internasjonale media om nyhende i Austerrike. Die Presse er den fremste austerrikske dagsavisa, men ikkje den største, med omtrent 350 000 lesarar. Sidan 15. mars 2009 har også ein vekentleg utgåve blitt gitt ut, under namnet Die Presse am Sonntag.[1]

Avisa hadde lenge store finansieringsproblem, men dette endra seg på 1960-talet då det austerrikske handelskammeret blei ein av dei største aksjehaldarane. Sidan 1999 har eigar av avisa vore Styria Median AG, ei konservativ mediegruppe som blei grunnlagd av den katolske kyrkja.

Den politiske posisjonen til avisa kan beskrivast som klassisk liberalisme, med hovudfokus på fri marknadsøkonomi og liten påverknad frå staten, noko som går mot det meir tradisjonelle austerrikske synet med storkoalisjon og neokorporativisme tendensar. Avisa fungerer derfor som ein kontrast til andre austerrikske kvalitetsaviser, inkludert den meir konservative Wiener Zeitung og den venstrevendte avisa Der Standard. Det blir sett fokus på revolusjonane i 1848, då den fyrste versjonen av avisa blei utgitt. Slagordet til avisa er «fri sidan 1848»[treng kjelde].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]