Digraf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein digraf er to separate teikn brukte for å skriva eitt fonem, eller ein sekvens av fonem som ikkje svarar til dei vanlege fonema av teikna kvar for seg. Fonemet (lyden) er ofte (men ikkje alltid) ein lyd som ikkje lèt seg skriva med ein enkelt bokstav med den vanlege ortografien for språket. Vanlegvis er termen digraf reservert grafem som (nesten) alltid blir uttala på same måten. Eit døme på ein digraf er ungarsk cs for /tʃ/-lyden, norske døme er sj i sjef og kj i kjære.

I ortografien til nokre språk, til dømes kroatisk (lj, nj, dž) eller tsjekkisk (ch), blir digrafane oppfatta som sjølvstendige bokstavar i alfabetet. Dei har ein eigen plass der, og kan ikkje kløyvast opp i enkeltbokstavane digrafen er sett saman av, til dømes når ein sorterer, avstyttar eller deler ord. I ortografien til andre språk, til dømes engelsk, er det ikkje slik, der kan digrafane kløyvast som alle andre bokstavsekvensar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]