Dilbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dilbert er ein amerikansk teikneserie, skapt av Scott Adams. Serien tek for seg dataingeniøren Dilbert si vandring gjennom udugskapens kontorlandskap. Lesaren møter ein bedriftskultur der sjefane har makta, men ikkje veit kva som skal gjerast, og arbeidarane som sit på kunnskapen, men ikkje har noko makt. Gjennom denne satiriske og banale settinga tar Dilbert opp mange verkelege problemstillingar sett i samband med verkelege arbeidsplassar.

Mange norske aviser trykker Dilbert som fast seriestripe. Det har kome eigne Dilbertbøker, og teikneserien kan òg finnast som innslag i andre teikneserieblad.

Scott Adams har og skrive faglitteratur om arbeidslivet. I desse bøkene finn ein den same sarkastiske tonen, sjølvsagt illustrert av teikneserien. Her har han stadfest Dilbert-prinsippet, ei lov for moderne leiarskap.

Scenario[endre | endre wikiteksten]

Mykje av scena for Dilbert-stripene går føre seg i eit kontorlandskap, der Dilbert og kollegene hans er i arbeid. Elles kan stripa finne stad heime hjå Dilbert eller ute, i samtale med Dogbert (hunden).

Karakterar[endre | endre wikiteksten]

  • Dilbert er hovudpersonen i stripa, ein noko karakterlaus dataingeniør utan mykje utstråling, og med dårleg dametekke. Han er ofte sarkastisk, men og velmeinande.
  • Jølle (Wally) er den eldste ingeniøren på arbeidsplassen og heilt utan prinsipp eller moral. Han driv rundt med ein kopp kaffi mykje av tida, og lest som han er i arbeid. Kva han driv med, eller korleis han held på jobben, er ikkje alltid like greitt å skjøne.
  • Wiwi (Alice) er den kvinnelege ingeniøren, arbeidsam og med mykje sunn fornuft. Ho er kjend for det hissige lynnet sitt, og for ein hard knyttneve (fist of death).
  • Den spisshåra sjefen er ein mellomleiar som styrer over dei andre arbeidstakarane. Han er evnelaus, og syner oftast mangel på dømekraft. Han er eit førande døme på Dilbert-prinsippet i praksis. Han er bror av den lokale djevelen (prince of insufficcient light).
  • Dogbert er hunden til Dilbert, for det meste oppteken av å ta over verda, og legg store planar for verdsherredøme. Han er ofte i samråd med sjefen, men langt smartare enn denne.
  • Kattbert er den vondsinna personalsjefen (ein katt). Han gjer livet surare for dei tilsette.
  • Rottbert/Ratbert er ei velmeinande og snill laboratorierotte som rømde og slo seg til hjå Dilbert. Han tek ofte på seg undermåls oppdrag for firmaet og Kattbert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]