Mount Brandon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mount Brandon
Austsida av Brandon med botnane som isbreen har grave ut
Austsida av Brandon med botnane som isbreen har grave ut
Høgd over havet 952 moh.
Ligg i/på Dinglehalvøya i Kerry i Irland Republikken Irland
Fjellkjede Brandonfjella
Primærfaktor 930 m
Koordinatar 52°14′2″N 10°15′14″WKoordinatar: 52°14′2″N 10°15′14″W

Mount Brandon eller Brandon Mountain (irsk Sliabh Bhreandáin) er eit fjell på Dinglehalvøya i County Kerry i Republikken Irland. Fjellet er kalla opp etter den mytologiske St. Brendan som visstnok klatra opp fjellet rundt år 530 for å sjå Amerika før han segla ut. Den litle landsbyen Brandon ligg ved foten av fjellet på nordsida.

Fjellet er ein del av ei fjellkjede på Dinglehalvøya som går 10 km langs halvøya med andre toppar som Barr an Ghéaráin (Brandon Peak) (840 moh), Piaras Mór (748 moh) og Más an Tiompán (763 moh).

Mount Brandon er forma av isbrear, som har grave ut fleire botnar på austsida av fjellet. Parallelt til fjelltoppen ligg Pater Noster-sjøane, ei rekkje vatn som ligg på kvar sitt nivå nedover fjellsida. Den største av desse er Loch Cruite. Sjølve toppen på Mount Brandon er avrunda og glatt fordi han aldri var dekt av is. Dette står i sterk kontrast til den kjegleforma toppen til Brandon Peak, som nesten har ein alpin utsjånad.

Vestsida av Mount Brandon er heilt annleis frå austsida. Vestsida får mykje meir sol og isbreane har ikkje hatt same effekt her, noko som har ført til ei jamn grasdekka fjellside.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]