Diskusjon:Hermansverk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Litt plukk[endre wikiteksten]

  • Tykkjer ikkje tettstad passar til Hermansverk, Leikanger og Hermansverk er så og seie ei samanhengande stripe ved sjøen. Men eg reknar med det er SSB sin definisjon, så eg får vel heller utvida min eigen og håpa på ein artikkel om emnet (tettstad).
  • Kommunehuset ligg i Leikanger, eg får det difor ikkje til å rima at Hermansverk skal vera adm. sentrum for kommunen, men det kan jo vera administrasjonen er så stor at storparten sit ein annan stad på Hermansverk?
  • "Hermansverk er samlingspunkt for frukthandelen i Sogn": Javel, pga. Bama sitt distribusjonslager? Då er det nok betre å skriva det, ellers er (det gamle?) fruktlageret i Leikanger.

Eg reknar med de ikkje har alle svara, men kanskje nokre kjelder, resten får eg vel finna ut av sjølv etterkvart. --Guttorm 11. juli 2005 kl. 22:02 (UTC)

  1. Tettstad er vel omtrent "ein stad ein del folk bur tett". Større enn ei bygd og mindre enn ein by. At både tettstader og byar gror over i kvarandre er jo nokså normalt i vårt moderne samfunn.
  2. Kommunesenter - min feil, orsak. Tenkte at "sentrum" som Caplex snakka om (og i tillegg ein fylkeshovudstad!) måtte vera kommunesentrum.
  3. I følge Caplex er det i alle fall mykje fruktverksemd der.
La inn hovudkjelden min over. Elles hadde det slett ikkje vore dumt om ein som faktisk kjenner staden skriv litt meir om han! ;-) -- Ranveig 11. juli 2005 kl. 22:28 (UTC)


Eg trur at når Caplex og Store Norske Leksikon omtalar stader som tettstad så er det etter SSB sin definisjon av tettstad dei går. Og den definisjonen er ikkje den same som den i Nynorskwikipedia-artikkelen tettstad. SSB sin definisjon:
«Tettstedsdefinisjonen
Tettsteder er geografiske områder som har en dynamisk avgrensing, og antall tettsteder og deres yttergrenser vil endre seg over tid avhengig av byggeaktivitet og befolkningsutvikling. Dette er SSBs definisjon av tettsted:
1. En hussamling skal registreres som et tettsted dersom det bor minst 200 personer der (ca. 60-70 boliger).
2. Avstanden mellom husene skal normalt ikke overstige 50 meter. Det er tillatt med et skjønnsmessig avvik utover 50 meter mellom husene i områder som ikke skal eller kan bebygges. Dette kan f.eks være parker, idrettsanlegg, industriområder eller naturlige hindringer som elver eller dyrkbare områder. Husklynger som naturlig hører med til tettstedet taes med inntil en avstand på 400 meter fra tettstedskjernen. Disse husklyngene kalles tettstedssatellitter.»
Definisjonen: http://www.ssb.no/beftett/digtettgr.html
SSB's tettstadstatistikk pr. 1. januar 2005: http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2005-06-03-01.html
Med den definisjonen er byar tettstader, og ikkje berre det, ein tettstad kan famne fleire byar. Oslo er ein tettstad, og byane Sandvika og Lillestrøm er ein del av tettstaden Oslo (fordi dei alle har grodd saman). Og Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i Noreg. (Legg merke til at SSB kallar tettstadene for berre Oslo og ikkje for eksempel Oslo/Lillestrøm/Sandvika, men Stavanger/Sandnes og ikkje berre Stavanger, eg veit ikkje kva kriterium dei legg til grunn for namnevalga, men kriterium har dei nok, dette er neppe heilt tilfeldig. Men somme stadnamn 'forsvinn' altså på eit vis i tettstadstatistikken.)
I tilfellet Hermansverk er det som Guttorm seier, Hermansverk og Leikanger har grodd saman og er difor ein sams tettstad etter SSB sin definisjon. SNL har ein artikkel som heiter Hermansverk/Leikanger der det står i teksten at stadane/bygdene er ein sams tettstad med 1947 innbyggarar, medan Caplex har ein artikkel om Hermansverk der det står at staden/bygda er ein tettstad med 1900 innbyggarar utan å nemne noko om staden/bygda Leikanger, og dei har ikkje nokon eigen artikkel om staden/bygda Leikanger, berre om kommunen Leikanger.
'Tettstaddelen' Hermansverk er altså fylkeshovudstad, medan 'tettstaddelen' Leikanger er kommunesenter, og saman er dei SSB's tettstaden Hermansverk/Leikanger med 1964 innbyggarar, viss eg har forstått dette rett. --Jorunn 12. juli 2005 kl. 01:45 (UTC)
God analyse. Eg rekner med at SSB opererer med omgrep som passar for statistiske føremål. Me på Wikipedia bør i tillegg ta omsyn til kjensler og lokale definisjonar, for ikkje å snakka om formell bystatus. Slik folk frå Sandnes og Stavanger oppfattar desse som to ulike byar, går eg ut frå at folk i Leikanger kommune ser på Leikanger og Hermansverk som to ulike tettstader. -- Ranveig 12. juli 2005 kl. 10:17 (UTC)