Distriktet Albula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albula
Bezirk Albula, Dertgira Alvra, Distretto di Albula
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Hovudstad Tiefencastel
Areal 693,47 km²
Folketal 8 227 (2010)
Kommunar 22
Karte Bezirk Albula 2007.png

Distriktet Albula (tysk Bezirk Albula, retoromansk dertgira Alvra) er eit distrikt midt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet har namn etter elva Albula (retoromansk Alvra) og omfattar dalen der ho renn, og så dalen der bielva Julia (retoromansk Gelgia). Distriktet dekker eit areal på 723 km² og har 8700 innbyggarar. Området var tidlegare dominert av retoromansktalande, men tysk er med sine 66% i dag det mest nytta språket i distriktet. Retoromansk er framleis fleirtalsspråk i fleire kommunar. Tre prosent snakkar italiensk; mesteparten av desse bur i kommunen Bivio lengst sør i distriktet.

Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Albula er delt opp i fire krinsar (tysk Kreis, retoromansk circul) og til saman 23 kommunar. Krinsane og kommunane er:


Kreis Alvaschein / Circul Alvaschagn
Kommunenamnn
Areal
(km²)
Innbyggar-
tal
Språk
tysk retoromansk italiensk
Alvaschein 4 143 53 % 40 % 3 %
Mon 8 91 45 % 52 % 1 %
Mutten 10 87 99 % 1 % 0 %
Stierva 11 134 33 % 66 % 1 %
Tiefencastel 15 261 58 % 38 % 1 %
Vaz/Obervaz 43 2641 82 % 9 % 2 %
Heile krinsen 91 3357 76 % 16 % 2 %


Kreis Belfort / Circul Belfort
Kommunenamnn
Areal
(km²)
Innbyggar-
tal
Språk
tysk retoromansk italiensk
Alvaneu 36 421 76 % 17 % 3 %
Brienz/Brinzauls 13 114 68 % 32 % 0 %
Lantsch/Lenz 22 505 54 % 37 % 2 %
Schmitten 11 266 94 % 1 % 1 %
Surava 7 200 78 % 11 % 2 %
Heile krinsen 89 1506 71 % 21 % 2 %


Kreis Bergün / Circul da Bravuogn
Kommunenamn
Areal
(km²)
Innbyggar-
tal
Språk
tysk retoromansk italiensk
Bergün/Bravuogn 146 505 84 % 11 % 3 %
Filisur 44 487 85 % 3 % 7 %
Heile krinsen 220 1339 88 % 6 % 4 %


Circul Surses / Kreis Surses
Kommunenamnn
Areal
(km²)
Innbyggar-
tal
Språk
tysk retoromansk italiensk
Bivio 77 220 55 % 12 % 29 %
Cunter 7 215 36 % 51 % 6 %
Marmorera 19 47 57 % 35 % 6 %
Mulegns 34 27 42 % 58 % 0 %
Riom-Parsonz 56 335 34 % 64 % 2 %
Salouf 31 213 20 % 78 % 1 %
Savognin 22 982 37 % 53 % 4 %
Sur 23 84 22 % 75 % 3 %
Tinizong-Rona 54 353 39 % 50 % 3 %
Heile krinsen 323 2476 37 % 53 % 6 %

Folketal og språkandelar byggjer på folketeljinga frå 2005.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]