Divertimento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Divertimento (frå italiensk divertire - å underhalde; fleirtal: divertimenti) er eit instrumentalstykke, ofte med mange satsar - frå ein til ni er vanleg, men det finst minst ein divertimento med tretten satsar. Divertimenti har gjerne ein underhaldande og munter karakter, ofte spelt som «taffelmusikk» eller utandørs. Fram til slutten av 1700-talet var divertimenti populære ved europeiske hoff. Ein av dei mest kjente komposisjonane er Wolfgang Amadeus Mozart sin Divertimento i F-dur, KV 138. Av andre komponistar som skreiv divertimenti finn ein Leopold Mozart, Carl Stamitz, Joseph Haydn og Luigi Boccherini.

På 1800-talet vart divertimentoen umoderne, men nokre komponistar på 1900-talet har teke i bruk forma, som til dømes Béla Bartók med Divertimento for strykeorkester og Leonard Bernstein med Divertimento for Symphonic Band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]