Donald II av Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Donald II
Domnall Dásachtach.jpg
Fantasiportrett av Donald II frå 1700-talet.
Konge av Skottland
Regjeringstid 889900
Død 900
Far Konstantin I

Donald II (død 900) var konge av Skottland frå 889 til han døydde. Han var sonen til Konstantin I, brorsonen til Aedh og syskenbarnet til Eochaid.

Donald tok trona med makt. Kong Giric, som herska saman med føregangaren Eochaid, hadde drepe farbroren Aedh i 878. Då Giric døydde dreiv Donald fetteren sin ut av landet, og tok trona sjølv.

Under Donald II kom kongedømmet Strathclyde under skotsk overhøgd. Ulsterannalane gjekk over til å snakke om ri Alban, kongen av Alba, i staden for rex pictorum, kongen av piktarane, som føregangarane hadde hatt som tittel. Danane heldt fram med å invadere Skottland, først og fremst for å ta kontroll over område langs grensa mellom Skottland og dei angelsaksiske rika. Danane erobra òg det nordlege Skottland. På toppen av kampen mot danane måtte Donald II òg freiste å tøyme bandittar i det skotske høglandet.

Korleis han døydde er noko usikkert. Ifølgje ei historie vart han drepen ved Dunottar medan skottane slo tilbake ein dansk invasjon. Men ifølgje ei anna historie døydde han av naturlege årsaker fordi helsa hans hadde vorte veikt under stridene i høglandet. Han vart gravlagd på Iona, der òg kongane av Dalriada og dei tidlegaste skotske kongane vart gravlagt.

Donald II vart etterfylgd av syskenbarnet Konstantin II. Sonen hans vart seinare krona som Malcolm I.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]