Donetsbekkenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Donetsbekkenet på eit kart over Ukraina.
Kart over den økonomiske aktiviteten i Donbas (rosa), inkludert Dnipropetrovsk, Donetsk og Luhansk oblast.

Donetsbekkenet (ukrainsk Донецький басейн, Donetskyj baseyn; russisk Донецкий бассейн, Donetskij bassejn), ofte berre kalla Donbass (russisk Донбасс; ukrainsk Донбас, Donbas), er eit historisk, økonomisk og kulturelt område aust i Ukraina. Opphavleg var det eit kolgruveområde og det har blitt eit kraftig industrialisert område som slit med urbant forfall og industriforueining.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Donbass dekkjer dei tre administrative oblasta (provinsar) aust i landet: den austlegaste delen av Dnipropetrovsk oblast kring byen Pavlohrad (det såkalla Vest-Donbass), nordlege og sentrale delar av Donetsk oblast (sørlege delar vert rekna som ein del av kystområdet Prjazovia) og sørlege delar Luhansk oblast (nordlege delar vert rekna som ein del av Slobozjanstsjyna). Byen Donetsk vert rekna som den uoffisielle hovudstaden i Donbass.

Stundom vert Rostov oblast i Russland rekna som ein del av Donbass. Dette kjem av at kolområdet i Doentsbekkenet geografisk strekkjer seg inn i dette området (som òg er eit kolguveområde), stundom kalla Russiske Donbass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]