Dongying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Dongying (gul) i Shandong

Dongying (kinesisk: 东营 ; pinyin: Dōngyíng) er eit byprefektur nord i provinsen Shandong i Kina. Byprefekturet, som ligg ved Gulehavet, har eit areal på 7 923 km² og litt over to millionar ibuarar i 2010. Dongying ligg i elvedeltaet til Huang He, der ho renn ut i Bohaibukta.

Byprefekturet Dongying omfattar to distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Dongying har status som særsone for økonomisk utvikling. Byprefekturet omfattar størstedelen av Kinas nest største oljeområde, Shenglifeltet. Oljefeltet vart funne i 1964, nær landsbyen Dongying. Byprefekturet vart grunnlagt i 1983, som base for utvikling av oljefeltet og av deltaområdet til Huang He.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]