Dora Riparia
| Dora Riparia | ||
|
|
||
| Utspring | Dei cottiske Alpane nær Col de Montgenèvre | |
| Munning | Po i Torino | |
| Land i nedslagsfelt | Italia, Frankrike | |
| Lengd | 125 km | |
| Middelvassføring | 25 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 1 231 km² | |
Dora Riparia er ei elv i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre. Ho er 125 km lang med eit nedslagsfelt på 1 231 km². Ho har sitt utspring i Dei cottiske Alpane, nær Col de Montgenèvre i Frankrike, der ho vert kalla Piccola Dora. Ho får namnet Dora Riparia etter ho renn saman med Ripa Argenteradalen og Thuras de Bousson nær Cesana.
Lenger nede i dalen, i Oulx, mottar elva den største sideelva si, Dora di Bardonecchia, og før Susa mottar ho Galambra og Cenischia. Etter Susa møter Dora Riparia fleire mindre sideelvar: Gravio ved Condove, Sessi ved Caprie og Messa ved Almese frå venstre, og frå høgre Scaglione av Meana og Gravio ved Villarfocchiardo. Ho renn gjennom Susadalen og etter å ha kryssa Posletta og kommunane Avigliana, Alpignano, Pianezza og Collegno munnar ho ut i Po ved Torino. I Italia vert ho rekna som ei småelv med varierande vassføring (torrente) fram til Susa, og ei elv (fiume) resten av vegen.
Det var der Dora Riparia munnar ut i Po at Torino vart grunnlagd i romartida. Dora Riparia var der lenge den viktigaste energikjelda og alt i mellomalderen vart det gravd mange kanalar (duriae) som reiv møller, vasshjul og andre innretningar. Den urbane og industrielle utviklinga i byen på 1900-talet førte etter kvart til forureining av elva. Renovasjonsarbeidet starta først på 1990-talet. I 1999 vart Dora Riparia og Sangone rekna som svært forureinia. I 2002 vart det oppretta ein landbruk- og naturpark finansiert av kommunen Collegno og regionen Po for å bevare det naturlege livet i elva.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dora Riparia frå Engelsk Wikipedia .