Dorney Lake
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dorney Lake | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Buckinghamshire |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | Kunstig innsjø |
| Tilknytte land | |
Dorney Lake er ein menneskeskapt innsjø i Storbritannia som arena for roing. Han ligg nær landsbyen Dorney i Buckinghamshire og nær byane Windsor og Eton, nær Themsen. Innsjøen er privateigd og finansiert av Eton College, som brukte £17 millionar på å utvikle han. Sjølv om innsjøen hovudsakleg vert nytta av skulen, er fasilitetane gjort tilgjengeleg for rosport i området i tillegg.
Innsjøen skal vere arena for sommar-OL 2012 i roing og kajakk. Dei eksisterande tribunane vert utvida for dette til 20 000 seter, dei fleste berre mellombelse.[1]
Banen på innsjøen er 2000 meter lang med åtte banar, som kvar er 13,5 meter brei. Den minste vassdjupna er 3,5 meter.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dorney Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: