Dorogobuzj
| Dorogobuzj Дорогобуж |
|||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Smolensk oblast | ||
| Først nemnd i | 1150 | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
10 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
11 470 1 147 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Retningsnummer (tlf) | +7 48144 | ||
| Bilnummer | 67 | ||
| Nettstad: admin.smolensk.ru/~dorogob/ | |||
Dorogobuzj (russisk Дорогобуж, polsk Dorohobuż) er ein historisk by i Smolensk oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Dnepr, 85 km aust for Smolensk.
[endre] Historie
Byen oppstod før den mongolske invasjonen av Russland som ei festning for å forsvare Smolensk mot åtak frå aust. I 1508 sende Vasilij III italienske meisterhandverkarar dit for å bygge eit trefort på staden. Byen vart plyndra under urotida og folkesetanden vart redusert til berre ti mann i 1614. Mellom 1611 og 1668 høyrte byen til det polsk-litauiske samveldet. Byen har seinare overlevd andre invasjoner og fleire brannar.
[endre] Attraksjonar
Stadane av størst historisk interesse ligg utanfor sjølve byen. Aleksino-godset frå 1700-talet var kjend for oppdrett av Orlov-hingstar. Boldinklosteret frå 1400-talet vart renovert av Godunovfamilien på slutten av 1500-talet. Godunovene førte opp ein femkupla katedral, eit refektorium med spir og eit søyleliknande klokketårn på staden. I følgje Peter Baranovskij representerte klosteret det best bevarte 1500-tals klosterkomplekset i Aust-Europa. Klosteret vart sprengd under tilbaketrekkinga til tyskarane i 1943, men er vorte delvis gjenoppbygd på 1990-talet.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Historie og monument i Dorogobuzj (russisk)
- Om Dorogobuzj på Mojgorod (russisk)
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Smolensk | ||
| Demidov · Desnogorsk · Dorogobuzj · Dukhovsjtsjina · Gagarin · Jartsevo · Jelnja · Potsjinok · Roslavl · Rudnja · Safonovo · Sytsjovka · Velizj · Vjazma | ||