Vjazma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elvene med same namn, sjå Vjazma ved Dnepr og Vjazma ved Uvod.
Vjazma
Вязьма
Byvåpenet til Vjazma
Byvåpenet til Vjazma


Plassering
Vjazma is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Smolensk oblast
Først nemnt i
Bystatus
1239
1776
Borgarmeister Igor Sujev
Geografi
Flatevidd
 - By

44 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

55 500
  1 261,4 /km²
Koordinatar 55°12′00″N 34°18′00″EKoordinatar: 55°12′00″N 34°18′00″E
Høgd over havet 240 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 21511x
Retningsnummer (tlf) (+7)48131
Nettstad: www.vyazma.ru

Vjazma (russisk Вя́зьма) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vjazma, rundt 155 km aust-nordaust for Smolensk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hodegetria-kyrkje er ei av tre store tre-spira kyrkjer i verda, dei to andre er bevart i Uglitsj og Moskva.
Spasskajatårnet er det einaste tårnet som er at av byen sitt kreml.
Eit monument til minne om den russiske sigeren over Napoleon.

Gjennom hele den turbulente historia si har byen forsvart Moskva mot åtak frå vest.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Vjazma vart første gong nemnt i ei krønike i 1239, men ein trur at busetnaden er langt eldre. På den tida høyrte byen til ei sidegrein av Rurikidehuset Smolensk. I 1403 vart byen erobra av Litauen. I 1494 vart Vjazma teken av Storfyrstedømet Moskva og omgjort til ei festning, der som det berre finst eitt enkelt tårn igjen av i dag. To viktige kloster vart utstyrt med steinkyrkjer, mellom anna ei sjeldan tre-spira kyrkje tileigna til Vår Frue av Smolensk (Hodegetria) og innvigd i 1638. Ei portkyrkje i same kloster er frå 1656 og katedralen i byen vart fullført i 1676. Øvrige kyrkjer er stort sett bygt i barokk stil.

Slaget ved Vjazma[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Vjazma.

Under Felttoget til Napoleon i Russland i 1812, fann det 22. oktober 1812 stad eit slag nær Vjazma, mellom den franske hæren (opp til 37 000 soldatar) under retrett og den russiske armeen (25 000 mann). Fortroppen av den russiske hæren under kommando av generalløytnant Mikhail Miloradovitsj og ei kosakkeining under general Matvej Platov gjekk til åtak på baktroppkorpset til marskalk Louis Nicolas Davout aust for Vjazma og avskjerte tilbaketrekkingsruta hans. Med hjelp frå armeene til Eugène de Beauharnais og Józef Antoni Poniatowski klarte Davout å bryte rekkene i den russiske armen. Dei franske styrkane sine forsøk på å halde høgdene ved Vjazma og byen sjølv vart derimot mislukka. Om kvelden 22. oktober inntok russarane Vjazma, som var vorte sett i brann av franskmennene. Den franske armeen mista 6000 mann i slaget og 2500 soldatar var vorte tekne til fange. Russarane mista rundt 2000 mann.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den Den andre verdskrigen vart Vjazma igjen ei slagmark, denne gongen mellom Den raude armeen og Wehrmacht, under slaget om Moskva. Vjazma var okkupert av den tyske armeen mellom 7. oktober 1941 og 12. mars 1943. Mesteparten av byen vart øydelagd og gjenoppbygd etter krigen.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Vjazma er i dag eit stort jernbaneknutepunkt på WarszawaMoskva-banen, med samband til St.Petersburg, Kaluga og Brjansk. I næringslivet i byen dominerer næringsmiddel- og lysindustri og det finst òg ein mekanisk fabrikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vjazma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]