Durmitor
| Durmitor | |
|---|---|
| Høgd over havet | 2 139 moh |
| Ligg i/på | Montenegro |
| Fjellkjede | Dei dinariske Alpane |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Durmitor ei fjellkjede i Montenegro med ei høgd på 2 522 meter over havet på det høgaste.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Namnet Durmitor kjem truleg frå austromanske og tyder «sovande». Slektande namn er namnet på fjellet Visitor, som tyder «draumande».[1]
[endre] Nasjonalpark
Durmitor nasjonapark vart oppretta i 1952 og inkluderer Durmitor-massivet, ravinene Tara, Sušica og Draga og dei høgare delane av platået Komarnica, og dekkjer eit areal på 390 km².
I 1980 vart parken skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.
Ein del av nasjonalparken omfattar Tararavinen, ei 80 km lang og 1 300 meter djup kløft, som er den nest største i verda etter Grand Canyon i Arizona.
[endre] Turisme
Durmitor er senteret for montenegrinsk fjellturisme. Dei fleste turistfasilitetane ligg rundt byen Žabljak.
Om vinteren er hovudaktiviteten på Durmitor skisport og snøbrett. Om sommaren er det fjellklatring og fotturisme. Ein av dei største attraksjonane i Durmitor er dei 18 bresjøane, der Crno er den mest kjende.
[endre] Bakgrunnsstoff
- WCMC-UNEP
- Durmitor nasjonalpark
- Durmitor på UNESCO
- Bilete av rafting i Tararavinen
- Offisiell side for Durmitor nasjonalpark
- Biletgalleri av Durmitor og Bjelasica
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Durmitor» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.
[endre] Fotnotar
- ↑ Room Adrian (2004) "Placenames of the World: Origins and Meanings of the Names for Over 5000 Natural Features" ISBN 0-7864-1814-1 s. 112