Dzongkha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dzongkha
(རྫོང་ཁ་)
Klassifisering: Sinotibetansk
 Tibetoburmansk
  Himalayisk
   Tibetokanauri
    Tibetisk
     Tibetansk
      Sørtibetansk
       Dzongkha
Bruk
Tala i: Flag of Bhutan.svg Bhutan
Dzongkhatalande i alt: 133 000[1]
Skriftsystem: Tibetansk skrift
Språkkodar
ISO 639-1: dz
ISO 639-2: dzo
ISO 639-3: dzo
Wikipedia på dzongkha

Dzongkha er eit språk i den sinotibetanske språkfamilien, og nasjonalspråket i Bhutan. Språket fekk ei rettskriving i 1971, då det blei etablert som skriftspråk med tibetansk skrift. Som talespråk blei det tidlegare kalla zhungkha.

Tjue ngultrum-setel med bilete av ein dzong og påskrift på dzongkha.

Ordet «dzongkha» betyr 'språket (kha) tala i slotta (dzong)', dei fylkesvise administrasjonsbygga som rommar både religiøse og administrative funksjonar. Bhutan er eit uvegsamt land med fleire små og isolerte folkegrupper, og mange små språk. Dei tre dominerande språka er tsangla, nepali og dzongkha. Dzongkha har stor grad av gjensidig forståing med tsangla og andre, mindre språk, som adap og bumthangkha. Dzongkha er også likt og til ei viss grad gjensidig forståeleg med sikkimesisk frå Sikkim, der det også finn dzongkhatalarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dzongkha har utvikla seg frå ngalong, som blei tala av folk som vandra inn til Bhutan frå Tibet på 700-talet, og er morsmål for ca 130&nsbp;000 innbyggjarar i dei vestlege fylka i Bhutan: Thimphu, Paro, Punakha, Wangdue Phodrang, Gasa, Haa, Dagana og Chukha.

Statusen til dzongkhas kjem av at språket i mange hundre år var brukt ved hoffet, i klostra og i statsforvaltinga. Språket blir tala av munkar og statstenestemenn over heile landet. Sidan 1960-talet har styresmaktene arbeidd systematisk med å modernisere dzongkha og standardisera skriftspråket. Dzongkha er i prinsippet obligatorisk i skolen, men på grunn av lærarmangel og mange utanlandske lærarar finn undervising også mykje på engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]