Edgar Savisaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edgar Savisaar

Edgar Savisaar (fødd 31. mai 1950 i Harku i Estland) er borgarmeister i Tallinn. Han er også partileiar for det estiske senterpartiet Eesti Keskerakond. Han var statsminister i Estland frå 1990 til 1992, og dermed også den fyrste etter samanbrotet til Sovjetunionen og Estland igjen kunne opprette nasjonalt og sjølvstendig styre.

Edgar Savisaar vart fødd i kvinnefengselet i Harku. Foreldra hadde sommaren 1949 vorte arresterte av dei sovjetiske okkupasjonsstyresmaktene. Faren vart dømd til sju år lang forvising til Sibir, medan mora fekk fengselsstraff.

Etter eksamen artium i 1968 studerte Edgar Savisaar fram til 1973 historie ved Universitetet i Tartu og arbeidde deretter som vitskapleg assistent. I 1980 tok han eksamen også i filosofi. Frå 1980 til 1988 arbeidde Savisaar i den statlege planleggingskomiteen i Estiske SSR. I 1988/89 var han direktør for rådgjevingsfirmaet Mainor.

I perestrojkaåra engasjerte Savisaar seg for estisk lausriving frå Sovjetunionen, og gjekk inn for demokrati og menneskerettar. I 1989 vart Edgar Savisaar konstituert formann for ministerrådet for Estiske SSR, og i 1990 vart han næringsminister.

Den 3. april 1990 vart han formann for ministerrådet og dermed regjeringssjef. Då Estland igjen vart sjølvstendig den 20. august 1991, vart han statsminister. Han hadde dette embetet fram til januar 1992.

Frå 1992 til 1995 var Savisaar konstituert president for den estiske nasjonalforsamlinga (Riigikogu), og frå april til oktober 1995 var han innanriksminister. Han måtte fråtre stillinga grunna ein avlyttingsskandale. Frå 1996 til 2001 var Savisaar formann for byrådet i hovudstaden Tallinn, og frå 2001 til 2004 borgarmeister i byen.

Han vart i april 2005 nærings- og samferdsleminister i regjeringa Ansip I. Etter Riigikogu-vala i mars 2007 vart Eesti Keskerakond det nest største partiet i landet, men likevel var konstellasjonane slik at det ikkje lukkast Edgar Savisaar å halde fram som medlem av regjeringa. Dermed gjekk han tilbake til embetet som borgarmeister i Tallinn.

Savisaar er formann for Keskerakond, som vart oppretta i 1991.