Edvard Grimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edvard Grimstad (29. mars 19333. april 2014) var ein norsk bonde, næringsleiar og politikar frå Råde. Han var stortingsrepresentant 1989-97 og fylkesmann i Østfold 1998-2003.

Grimstad var son til ein gardbrukar i Råde. Frå han var 16 år gammal gjekk han både på fylkesskule, folkehøgskule og landbruksskule. Åra 1959-62 studerte han jordbruk og økonomi ved Norges LandbrukshøgskoleÅs. Dei neste fire åra var han tilsett i tilsett i Fellesslakteriet, medan han 1966-68 var u-hjelpsrådgjevar i Kenya. Han tok i 1968 over farsgarden i Råde og dreiv denne. I 1977 vart han administrerande direktør i Gartnerhallen, deretter arbeidde han frå 1981 i fire år som koordinator for eit nordisk u-hjelpsprosjekt i Mosambik.

Grimstad var ordførar i Råde i 1975–76 og varaordførar 1979–1983. Han var formann i Østfold Senterparti 1976-80. I 1989 fekk han andreplassen på Østfold Senterparti si liste til stortingsvalet. Valperiodane 1989-93 og 1993-97 representerte han så Østfold på Stortinget. På Tinget kom han inn i forsvarkomiteen, men vart i november 1990 flytta over i justiskomiteen i samband med at Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister etter Jan P. Syse. I den andre valperioden var han visepresident i Stortinget, samt nestleiar i valkomiteen, sekretær i fullmaktskomiteen og medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Grimstad tok ikkje attval i 1997, då han allereie var utnemnd til fylkesmann i Østfold. Dette embetet styrte han frå 1998 til 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi