Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
UMB-Sky View.jpg
Motto Kunnskap for livet
Grunnlagt 2014
Type Offentleg universitet
Rektor Mari Sundli Tveit
Stad Ås og Oslo
Studentar 5000
Tilsette 1700
Nettstad www.lifesciences.no

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet er eit resultat av ei samanslåing av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap. Samanslåinga vart vedteken av kongen i statsråd 21. juni 2013, og gjaldt frå 1. januar 2014.[1] Dei fyrste fire åra vil universitetet ha to campusar: ein på Ås og ein på Adamstua i Oslo. Frå 2019 av vil alt verta samla på Ås.[2]

Rektor ved det nye universitetet er Mari Sundli Tveit.[3]

NMBU er inndelt i tre fakultet som omfattar 13 institutt:[4]

  • Fakultet for veterinærmedisin og biovinskap
    • Institutt for basalfag og akvamedisin
    • Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap
    • Institutt for husdyr- og akvakulturvinskap
    • Institutt for produksjonsdyrmedisin
    • Institutt for sports- og familiedyrmedisin
    • Institutt for mattryggleik og infeksjonsbiologi
    • Institutt for plantevitskap
  • Fakultet for miljøvitskap og teknologi
    • Institutt for matematiske realfag og teknologi
    • Institutt for miljøvitskap
    • Institutt for naturforvaltning
  • Fakultet for samfunnsvitskap
    • Handelshøgskulen
    • Institutt for landskapsplanlegging
    • Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudium (Noragric)

Referansar[endre | endre wikiteksten]