Maud av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dronning Maud av Noreg
1869 Maud.jpg
Dronning Maud av Noreg
Dronning av Noreg
Fullt namn Maud Charlotte Mary Victoria
Titlar Prinsesse av Wales (1869-1896)
Prinsesse av Danmark (1896-1905)
Dronning av Noreg (1905-1938)
Fødd 1869-11-2626. november 1869, Marlborough House i London i Storbritannia
Død 1938-11-2020. november 1938, London i Storbritannia
Etterfylgjar Sonja
Ektefelle Haakon VII
Born Olav V

Dronning Maud av Noreg (fødd 26. november 1869 i London, død 20. november 1938 i London) var den første dronninga av det sjølvstendige kongeriket Noreg etter unionsoppløysinga i 1905.

Maud var fødd i England som dotter av prinsen av Wales, den seinare kong Edvard VII, og dronning Alexandra, ei dansk prinsesse. Ho var førebudd på eit roleg liv som ei yngre britisk prinsesse, og gifta seg med den danske yngre prinsen Carl av Danmark, utan å vita at han seinare skulle bli kong Haakon VII av Noreg.

Valet av Carl og Maud[endre | endre wikiteksten]

Den nye norske kongefamilien.

Etter Unionsoppløysinga gjorde dei norske styresmaktane eit taktisk strategisk trekk, for å unnvære ei krise etter den bråe løysrivinga, ville dei søke eit trygt styre. Løysinga vart monarki, i første omgang vart ein prins av Bernadotte tenkt, men då dette ikkje vart, fall blikket på prins Carl. Ikkje berre var han nordisk, men han var også gift med ei britisk prinsesse. Dette førte til at Storbritannia ville føle ei sterkare tilknyttning til Noreg, vart det tenkt, og prins Carl vart så kong Haakon VII av Noreg, og Maud vart norsk dronning.

Det nye norske kongeparet hadde ein son, prins Alexander Edward Christian Frederik, som fekk namnet Olav då han vart norsk kronprins. Kong Haakon og dronning Maud blei krona i Nidarosdomen i Trondheim den 22. juni 1906. Dette var den siste kongelege kroninga i Skandinavia.

Dronning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dronning Maud var heile livet svært glad i Storbritannia, men ho tilpassa seg raskt det nye landet og pliktene som dronning. Ho stødde opp om veldedige føremål, særleg dei som var knytt til born og dyr. Ho lærde å gå på ski og skipa til ein engelsk hage ved Kongsseteren.

Den norske dronninga fekk vera med på kroninga av nevøen, kong Georg VI av Storbritannia, i mai 1937. Ho sat i kongeboksen i Westminster Abbey ved sidan av dronning Mary.

Død[endre | endre wikiteksten]

Dronning Maud og Kong Haakon er gravlagde i denne kvite sarkofagen på Akershus festning.

Dronning Maud døydde av hjartefeil medan ho var i London, berre nokre dagar før ho skulle fylla 69, og tre dagar etter ein operasjon. Ho vart send attende til Noreg om bord på det britiske krigsskipet HMS Royal Oak. Ho vart gravlagd i Det kongelege mausoleet i Akershus festning, som den første frå det nye norske kongehuset.

Dronning Maud Land i Antarktis er kalla opp etter henne.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Maud av Wales (1869-1896)
Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Maud av Danmark (1896-1905)
Hennar Majestet Dronning Maud av Noreg (1905-1938)

Dronning Mauds monogram

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maud av Noreg