Georg V av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg V

Georg V, engelsk språk: George V, fullt namn George Frederick Ernest Albert (3. juni 186520. januar 1936), var konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland frå 1910 til 1927. Konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland frå 1927. I tillegg var han konge av det britiske imperiet og keisar av Britisk India. Georg V var son av kong Edvard VII av Storbritannia og dronning Alexandra av Storbritannia.

Som fyrste av Wales vart Georg 22. juni 1906 utnemnt til storkrossen med kjede av St. Olavs Orden. Georg V var gift med Mary av Teck (dronning Mary).

Fyrstehuset Windsor[endre | endre wikiteksten]

George V er kjend for å ha endra namnet på den britiske kongefamilien frå Saxen-Coburg-Gotha til Windsor i 1917. Skiftet kom under den fyrste verdskrigen, då alt som kunne minna om Tyskland var lite populært i Storbritannia. Han gav avkall på alle tyske titlar òg på vegne av sine britiske slektningar.

Barn:

  1. Edvard VIII av Storbritannia.
  2. Georg VI av Storbritannia.
  3. Mary, princess royal gift med jarl Henry av Harewood.
  4. Prins Henry hertug av Gloucester, gift med Alice Montagu.
  5. Prins Georg av Kent,(1902-1942) gift med Marina av Hellas og Danmark.
  6. Prins John av Storbritannia, (1909-1919).

Syster:

  1. Dronning Maud av Noreg fødd 1869, gift med kong Haakon VII av Noreg.

Etterfylgde:
Edvard VII

Britiske monarkar

Etterfylgjar:
Edvard VIII