Eia Uus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eia Uus

Statsborgarskap Estland
Fødd 15. februar 1985 (39 år)
Haapsalu
Yrke skribent
Eia Uus på Commons

Eia Uus (fødd 15. februar 1985) er ein estisk forfattar fødd i Haapsalu.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Eia Uus var fire år i Thailand medan ho voks opp.[1] Ho studerte seinare engelsk filologi og estisk litteratur i Tallinn, og tok magistergrad i 2012.[2] Ho har også budd eit år i Frankrike. Uus har arbeidd i eit reklamebyrå og som omsetjar frå engelsk.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Eia Uus debuterte med Kuu külm kuma, ein klassisk utviklingsroman[3] som handlar om ein manisk-depressiv kostskuleelev i Thailand. For å illustrera sinnstilstanden hennar blir kvart kapittel opna med eit sitat av Sylvia Plath. I den neste bokasi skildra ho livet til unge intellektuelle.

Uus har også skrive reisebøker omg Frankrike og Paris.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Kuu külm kuma ('Det kalde måneskinnet'). Tallinn: Varrak 2005. 271 S.
  • Kahe näoga jumal ('Guden med to andlet'). [Tallinn]: Pegasus 2008. 187 S.
  • Minu Prantsusmaa ('Mitt Frankrike'). Tartu: Petrone Print 2013. 326 S.
  • Aasta Pariisis ('Eit år i Paris'). Tallinn: Ajakirjade Kirjastus 2014. 263 S.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cornelius Hasselblatt: Geschichte der estnischen Literatur. Von den Anfängen bis zur Gegenwart. Berlin, New York: Walter de Gruyter 2006, S. 756.
  2. Autorikuvandi ja -müüdi tekkemehhanismid. Magistritöö, Tallinna Ülikool, Eesti Keele ja Kultuuri Instituut 2012. 95 S.
  3. Kerti Tergem: Klaaspärlimäng klaaskupli all, in: Looming 1/2006, S. 133.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]