Haapsalu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haapsalu linn
Flagget til Haapsalu linn Byvåpenet til Haapsalu linn
Flagget til Haapsalu linn Byvåpenet til Haapsalu linn


Plassering
Haapsalu is located in Estland
Styresmakter
Land Flag of Estonia.svg Estland
Maakond Läänemaa maakond
Borgarmeister Ingrid Danilov
Geografi
Flatevidd
 - By

10,59 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

11 876
  1 121,4 /km²
Koordinatar 58°57′0″N 23°32′0″EKoordinatar: 58°57′0″N 23°32′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.haapsalu.ee

Haapsalu (tysk og svensk Hapsal; russisk Хаапсалу, tidlegare Гапсаль) er ein ferieby og kommune på vestkysten av Estland. Han har vore kjend i fleire hundreår for den varme sjøen, den lækjande gjørma og den fredfulle atmosfæren. Mange smale gater med trehus frå tidleg på 1900-talet fører ned mot sjøen. Haapsalu har vorte kalla «Nordens Venezia» på grunn av vatn i alle kantar.[1] Under den kalde krigen låg flybasen Tokhaapsalu sørvest for byen.

Byen er hovudstad i fylket Lääne maakond.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har ei soge som startar i 1279, då han fekk byrettar og vart sete for bispedømet Ösel-Wiek. Dette var han dei neste 300 åra. Det finst framleis bygningar frå desse åra i i dag, inkludert bispepalasset med kyrkja som har det største enkle kyrkjeskipet heile Baltikum, Haapsalu-borga.

I mange år har dei lokale innbyggjarane hevda at gjørma frå havet har lækjande effekt. Ein militærlege, Carl Abraham Hunnius, grunnla den første kurstaden i byen i 1825. Nyhende om den lækjande gjørma nådde aristokratiet i St. Petersburg, som då var hovudstad i Det russiske riket. Sidan den gong har Haapsalu vore ein populær feriestad for folk frå heile verda som kjem hit for behandling. I dag finst det tre slike senter i Haapsalu.

Haapsalu og det omliggande området var senter for den svenske folkesetnaden i Estland frå 1200-talet til dei fleste vart tvungen ut av landet i 1944.

På 1800-talet var Haapsalu kjend for Haapsalu-sjalet, eit utsøkt handverk laga av dei lokale kvinnene.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. estlandia.de