Eights Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eights Coast is located in Antarktis
Eights Coast (Antarktis)

Eights Coast er den delen av kysten av Vest-Antarktis som ligg mellom Cape Waite og Pfrogner Point. I vest ligg Walgreen Coast i Marie Byrd Land, og i aust ligg Bryan Coast. Han er ein del av Ellsworth Land og strekkjer seg mellom 103°24'W og 89°35'W. Utanfor kysten ligg Thurston Island, Abbot isbrem og somme øyar inne i sjølve isbremmen. Det meste av Eights Coast er ikkje gjort krav på av nokon land, som med resten av Marie Byrd Land, den store regionen vest for kysten. Berre i aust går Eights Coast inn i kravområdet til Chile. Peter I Øy, som ligg 450 km nord for kysten er eit av bilanda til Noreg.

Kysten vart oppdaga av medlemmar frå U.S. Antarctic Service som flydde over her i februar 1940. Han vart kartlagt i detalj av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto frå U.S. Navy 1960–66. Eights Coast vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names og kalla opp etter James Eights, ein geolog på «Annawan» i 1830, som gjorde geologiske undersøingar på Sør-Shetlandsøyane, og som segla vstover med «Annawan», i lag med «Penguin», til 103°W. Eights, den første amerikanske vitskapsmannen i Antarktis, oppdaga dei først kjende fossila i Antarktis, ein del av eit tre på Sør-Shetlandsøyane. På bakgrunn av undersøkingane sine gav Eights i 1833 ut Transactions of the Albany Institute (Vol. 2), som viste seg å ha særs nøyaktige observasjonar og konklusjonar av naturfenomane i regionen.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eights Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).


Koordinatar: 73°30′S 96°0′W