Kravområde i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forskingsstasjonar og kravområde i Antarktis (2002).
Kravområde i Antarktis

Sju statar har eit kravområde på åtte territorium i Antarktis. Desse landa har som regel plassert dei vitskaplege basane og stasjonane sine i territorialkrava sine i Antarktis.

Det vert stundom sagt at Antarktistraktaten rettar seg etter eller innstiller desse krava. Paragraf IV § 2 seier derimot: «Ingen handlingar eller aktivitetar som finn stad medan denne traktaten er i kraft skal danne grunnlag for forsvare, støtte eller nekte eit kraft til territorial suverenitet i Antarktis. Ingen nye krav, eller utvidingar av eit eksisterande krav, til territorial suverenitet kan gjere seg gjeldande medan denne traktaten er i kraft», så dette punktet verken støttar eller går imot dei eksisterande krava.

Antarktiske territorialkrav[endre | endre wikiteksten]

Sju suverene statar har gjort åtte territorialkrav på landområde i Antarktisk sør for 60° S før 1961. Desse krava vert berre anerkjent av landa som har gjort krav i området. Alle kravområda er sektorar, utanom Peter I Øy. Ingen av kravområda har innfødde folkesetnader. Sør-Orknøyane fell innanfor territorialkravet til Argentina og Storbritannia; og Sør-Shetlandsøyane fell innanfor kravområda til både Argentina, Chile og Storbritannia. Storbritannia, Frankrike, Australia, New Zealand og Noreg har alle anerkjent kvarandre sine krav,[1] som ikkje overlappar kvarandre. Før 1962, var Britisk Antarktis eit område under Falklandsøyane og omfattar òg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Dei antarktiske områda vart eit eige oversjøisk territorium etter ratifiseringa av Antarktistraktaten. Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane vart verande under Falklandsøyane fram til 1985 då dei òg vart skildre ut som eit eige oversjøisk territorium.

Offisielle krav[endre | endre wikiteksten]

Overlappande krav[endre | endre wikiteksten]

Uoppkravd[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare krav[endre | endre wikiteksten]

Mogelege framtidige krav[endre | endre wikiteksten]

Det har vore spekulasjonar om mogelege framtidige krav. USA og Russland (som etterfølgjar etter Sovjetunionen) har hevda å ha reservert retten til kravområde og det har vore spekulasjonar om Brasil kjem til å gjere krav avgrensa av 53° V og 28° V,[2] som dermed overlappar kravområda til Argentina og Storbritannia, men ikkje områda til Chile.

Subantarktiske øyterritorium[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Antarktiske og subantarktiske øyar.

Fire øyterritorium nord for 60° sør vert stundom rekna med til verdsdelen Antarktis. Ingen av desse territoria har innfødde folkesetnader.

Antarktistraktaten[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Antarktistraktaten.
Territorialkrav i Antarktis i følgje Antarktistraktaten: ██ Argentina ██ Australia ██ Chile ██ Frankrike ██ New Zealand ██ Noreg ██ Storbritannia

Antarktistraktaten og tilknytte avtalar regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentetjorda utan innfødde folkeslag. Avtalen er no signert av 46 land, inkludert Storbritannia, USA, og det tidlegare Sovjetunionen. Avtalen tilsideset Antarktis som eit vitskapleg reservat, med fridom til å gjere vitskaplege utforskingar og er bannlyst frå militær aktivitet. Dette var den første nedrustningskontrollavtalen oppretta under den kalde krigen. Sovjetunionen og USA var begge reserverte mot restriksjonane om nye krav,[5] og USA og Russland forsvarar retten sin til å gjere framtidige krav om dei ønskjer dette. Brasil held fast på Comandante Ferraz-basen (den brasilske basen i Antarktis) og har lagt fram eit forslag om å avgrense territoria ved hjelp av lengdegradene, noko som gjer at Brasil og andre land kan kome med ytterlegare krav. Generelt har territorialkrava sør for 60° S berre vorte anerkjent av dei landa som har gjort krav i området. Sjølv om krava ofte er innteikna på kart over Antarktis, indikerer ikkje dette ein de jure-anerkjenning.

Alle krav utanom Peter I Øy er sektorar og grensene er definerte av lengdegrader. Den nordlege grensa i alle sektorane er 60° S, som ikkje går gjennom nokre landområde, kontinent eller øyar. Dette er òg den nordlege grensa til Antarktistraktaten. Den sørlege grensa til sektorane fell saman i eitt punkt, Sørpolen. Berre den norske sektoren er eit unntak. Det opphavlege kravet frå 1930 spesifiserte ikkje ei nordlege eller ei sørleg grense, så dette territoriet er berre avgrensa i aust og vest.[6]

Antarktistraktaten slår fast at kontrahering til traktaten:

  • er ikkje eit avkall på tidlegare territorialkrav.
  • påverkar ikkje grunnlaget for krava som følgje av aktivitetar til dei underskrivande nasjonane i Antarktis.
  • ikkje påverkar rettane til ein stat under internasjonal sedvanerett å anerkjenne (eller nekte å anerkjenne) eit anna territorialkrav.

Det traktaten påverkar er nye krav:

  • Ingen aktivitetar etter 1961 kan danne grunnlag for eit territorialkrav.
  • Ein kan ikkje kome med nye krav.
  • Ingen kravområde kan utvidast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Territorial claims in Antarctica» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Rogan-Finnemore, Michelle (2005), «What Bioprospecting Means for Antartica and the Southern Ocean», i Von Tigerstrom, Barbara, International Law Issues in the South Pacific, Ashgate Publishing, s. 204, ISBN 0-7546-4419-7 
  2. The international politics of Antarctica. Side 119 og 124.
  3. Distrikt i Dei franske sørterritoria utanom Adelie Land.
  4. Omfattar Îles éparses, som vert rekna til Afrika
  5. «The Antarctic Treaty». US Arms control and disarmament agency. Arkivert frå originalen 22. juni 2010. Henta 12. oktober 2012. 
  6. Den norske regjeringa uttalte i 2003 at den nordelge utstrekkinga til det norske territoriet strekkjer seg 12 nautiske mil ut frå kysten, som er standard for maritime krav.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]