Eikeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eikeren
Eikeren - Eikeren
Eikeren
Stad Øvre Eiker (Buskerud); Hof (Vestfold)
Koordinatar 59°39′59″N 09°54′44″EKoordinatar: 59°39′59″N 09°54′44″E
Overflateareal 27,02 km²
Største djupne 157 m
Vassvolum 2,5 km³
Kystlengd1 43,27 km
Høgd over havet 19 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Eikeren eller Eikern er ein lang og djup innsjø i kommunane Hof i Vestfold og Øvre Eiker i Buskerud. Han er den største innsjøen i Vestfold (om ein reknar med delen som ligg i Buskerud).

Ved den austlege delen i Vestfold ligg tettstaden Eidsfoss. I denne delen strøymer vatn inn frå Bergsvann, Vikevann, Haugestadvann og Hillestadvann. Eikeren får òg vatn frå Hakavikelva og Steinbruelva.

I den vestlege delen heng Eikeren saman med Fiskumvannet i eit trongt sund, Sundet, der vatnet renn over i Fiskumvannet. Gjennom dette sundet passerer det vassasser på gjennomsnittleg 7 m3 per sekund. Frå Fiskumvannet renn vatnet ut i Vestfosselva mot Vestfossen. Elva går så vidare til Hokksund, der ho deler seg i to elveløp som begge renn ut i Drammenselva.

I 2005 vart Eikeren opna av Vestfold Interkommunale Vannverk, VIV, som ekstra drikkevasskjelde for Vestfold.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk