Eilidh Doyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilidh Doyle


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. februar 1987 (37 år)
Perth i Skottland
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014

Eilidh Child, gift Doyle, (fødd 20. februar 1987) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som i 2014 vart europameister på 400 meter hekk og i 2016 i 4 x 400 meter stafett.

Child var med på det britiske laget som i 2012 kom på fjerdeplass i 4 x 400 meter stafett under dei olympiske leikane i London. Året etter vart ho nummer 5 på 400 meter hekk ved VM i friidrett 2013 i Moskva, før ho sprang startetappen for Storbritannia sitt bronsemannskap i 4 x 400 m stafett i den same meisterskapen. I EM i friidrett 2014 i Zürich vann Child gullmedaljen på 400 m hekk og ho fekk ein ny bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Også under VM i friidrett 2015 i Beijing la Storbritannia og Child beslag på bronseplassen i 4 x 400 m stafett, berre dagar etter ho vart nummer 6 på 400 m hekk.

Som Eilidh Doyle tok ho seg av den tredje etappen då Storbritannia sigra i 4 x 400 meter stafett då EM i friidrett 2016 vart avvikla i Amsterdam. Seks veker seinare vann ho ein olympisk bronsemedalje med Storbritannia under Sommar-OL i Rio de Janeiro. I Friidretts-VM 2017 i London sprang det britiske mannskapet, med Child på tredjeetappen, inn til sølv i 4 x 400 m stafett. Ved EM i friidrett 2018 i Berlin var Doyle ankerkvinne då Storbritannia enno ein gong enda opp med bronse i 4 x 400 m stafett.

Doyle sette livsbeste 54,09 sekund på 400 meter hekk i eit stemne i Monaco i 2016, på 400 meter sprang ho som best 51,83 sekund i 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]