Perth i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Perth

skotsk-gælisk
skotsk
Peairt
Pairth
Hovudgata i Perth
Hovudgata i Perth
Plassering
Perth i Skottland is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Perth and Kinross
Tradisjonelt grevskap Perth and Kinross
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

44 820
Koordinatar 56°24′″N 3°26′″WKoordinatar: 56°24′″N 3°26′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PH1-PH3; PH14
Telefon-retningsnummer 0 1738
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perth i Skottland

Perth (Peairt i skotsk-gælisk) er ein by i regionen Perth and Kinross i Skottland. Han har kring 45 000 innbyggjarar og ligg ved elva Tay, og er det administrative senteret i regionen Perth and Kinross, og er hovudbyen i det tradisjonelle fylket Perthshire, forutan å vere den historiske hovudstaden i det gamle Skottland.

Perth blir òg kalla for «The Fair City» («fair» kan ha fleire meiningar: ljos, ærleg og marknad), men staden er ikkje lenger offisielt å rekne som city på grunn av nyleg omdefinering av bystatus i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore ein folkesetnad i Perth sidan historisk tid. Arkeologar har funne spor av ei hytte, ei avfallsdynge og ein kano som blir datert til kring 7000 f.Kr. Det romerske namnet på ei festning i nærleiken var Bertha, namnet er avleidd frå eit piktisk ord som tyder ‘tre’ eller ‘krattskog’.

Maktsenter[endre | endre wikiteksten]

Perth fekk tidleg ein viktig plass i skotsk historie då Kenneth mac Alpin, den første kongen av Alba (det gæliske namnet for Skottland) i 846 e.Kr. etablerte eit sentrum for makt her, rundt 3 km nordaust for Scone. Med plasseringa av både domstol og regjering vart Perth den første hovudstaden i det sameinte Skottland. Det var i Perth der Lagnadssteinen (Stone of Destiny) først var plassert og som alle etterkommarane til Kenneth har vorte krona på.

At Perth var viktig kom til uttrykk då vikingar kom for å hærta byen i år 900, men vart sigra over ved Luncarty i nord, i det som er vorte kjent som «slaget med danskane» (alle vikingar vart forresten kalla danskar, uansett kor i Norden dei kom frå). Mytane fortel at berre ei forsterkning av ei handfull bønder som sette mot i dei flyktande skottane og snudde viljen deira redda Perth frå nederlag.

Utkanten av Perth sett mot aust frå Craigie Hill. Elva Tay og broen Friarton er synlege.
Foto: Val Vannet

Kong David I gav byen status «burgh» på byrjinga av 1100-talet, og dokument frå denne tida referer òg til ei kyrkje i Perth. Mange av dokumenta var resultatet av straumen av dominikanar-munkar som kom til byen i løpet av 1200-talet.

I 1210 vart store delar av byen øydelagt av ein flaum frå Tay og vart bygd opp att eit stykke nedanfor elva. William I gjenoppretta «burgh»-statusen til Perth då han ikkje lenger var hovudstad.

Konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Kong Edvard I av England kom med hærstyrkane sine til Perth i 1296. Byen hadde då berre ei grøft til forsvar og få festningsverk og hadde lite å stille opp mot engelskmennene som av eiga røynsle bygde opp større og kraftigare festningsverk. Ein plan for ein bymur vart sett i gang i 1204, og var ferdigbygd då Robert Bruce gjenerobra byen i 1313 og gav ordrar om å rive murane.

Rivinga slo tilbake på skottane sjølv då Edvard Balliol, son av John Balliol, kom for å krevje trona i 1332 med støtte frå kong Edvard III av England. Robert Bruce hadde døydd tre år tidlegare, og regjeringa til barnekongen David II fall hurtig saman i slaget ved Musselburgh. Balliol tok Perth og trona i september. Balliol vart likevel driven ut, berre for å kome tilbake året etter og administrasjonen hans vart klår i 1336, men vart igjen driven ut av Perth i 1339.

Den kende kyrkja St. John's Kirk vart reist på midten 1300-talet og står enno og himmelkanten i byen.

Klankrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1396 vart Perth åstad for ein av dei merkelegaste konfliktane i Skottland og som har vorte nedteikna som slaget om North Inch. Om det ikkje var for at menneskeliv gjekk tapt ville han berre ha vore komisk. Slaget var klimakset av ein ti år gammal bitter trøytte mellom Chattan-klanen og MacPherson-klanen (eller MacKay), og kjernen til konflikten var noko så enkelt som ei ubetalt rekning. Kong Robert III vart bede om å avgjere tvisten og han kom med forslaget om at kvar klan skulle sende 30 av dei beste krigarane sine til ein kamp til døden for å få ei endeleg løysing. Staden var ei ven grasmatte i Perth kalla North Inch («Inch» er gælisk for grasmatte).

Sjølv om kjeldene er motstridande skal opptil seks klanar ha delteke. Dei fleste historikarane meiner likevel at slaget stod mellom MacPherson-klanen og Chattan-klanen, der sistnemnde òg hadde med seg folk frå Davidson-klanen frå Invernahaven. Slaget skjedde dagen før julaftan, den 23. desember. Sjølv om alle kravde at dei var vinnarar, blir det sagt at det enda med at den siste MacPherson vart sett flyktande mot elva Tay.

Mordet på kong Jakob[endre | endre wikiteksten]

Orden av Dei svarte tiggarmunkane, som vart etablert på 1200-talet, var vert for kong Jakob I i 1437. I løpet av natta tvinga opprørske adelsmenn seg inn i bygningen og Robert Graham stakk kongen så han døydde. Dronninga og borna hennar klarte å flykte til Edinburgh. Kanskje som resultat av denne udåden vart Jakob I den siste skotske kongen som hadde styringa basert på ei trone i Perth. Hovudstaden vart flytta til Edinburgh i midten av 1450-åra.

Reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Då dei politiske og religiøse stridane med England ebba ut på midten av 1500-talet byrja John Knox den skotske reformasjonen nedanifrå og det starta med ein seremoni i St. John’s Kirk i Perth. Tilhengarane hans slo i stykke altret i kyrkja, oppløyste klostret, inkludert klostret i Score. Monarken var barnedronninga Maria Stuart som sat alt inn på å knuse opprøret, men presbyterianismen i Perth vart verande sterk.

Cromwell og jakobinarane[endre | endre wikiteksten]

Karl II vart krona i Scone, der Lagnadssteinen var, i 1651, men innan eit år kom den engelske borgarkrigen til Perth med Oliver Cromwell. Byen fall og vart herja. Cromwell etablerte eit citadell og ei festning ved South Inch. Desse vart øydelagt i 1661, kort tid etter at Cromwell døydde. Perth støtta jakobinaropprøret og vart okkuperte av tilhengjarane i 1689, 1715 og 1745.

Vekst og modernisme[endre | endre wikiteksten]

Perth Academy vart grunnlagt i 1760 og tyngre industri vart etablert. Folkesetnaden voks til 15 000. Lintøy, lær, bleika produkt og whisky var hovudeksporten, skjønt byen hadde vore ei viktig hamn i fleire hundreår allereie. Perth Royal Infirmary (sjukehus) vart bygd i 1814, men Perth hadde dårlege sanitære tilhøve i fleire tiår framover, inkludert ein koleraepidemi i 1830-åra. Innlagt vatn og gasrøyr vart tilgjengeleg i 1820-åra og elektrisitet i 1901. Den første jernbanestasjonen i Perth vart bygd i 1848. Hestevogner var populære i 1890-åra, men hurtig erstatta av elektriske vogner.

Trass i nedgangen for whiskydestilleria, som vart selt og flytta frå byen, er Perth framleis eit senter for handel. Nye høgteknologiske firma har etablert seg og gjeve sårt trengde arbeidsplassar for dagens folkesetnad på kring 45 000.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Perth er heimstad for fotballklubben St. Johnstone. Klubben har namn etter vernehelgenen til byen, Johannes Døyparen, på engelsk St. John. Perth er St. Johns by (på skotsk «St. John's toun»), og dermed vart namnet St. Johnstone.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]