Eine kleine Nachtmusik
| Serenade nr. 13 Eine kleine Nachtmusik K. 525 Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart |
||
| Sjanger | Orkestermusikk | |
|---|---|---|
| Periode | Wienerklassisismen | |
| Komponert | 1787 | |
| Typisk lengd | 23:48 | |
| Satsar | 4 | |
Serenade nr. 13 for strykarar i G-dur, K. 525 vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1787. Verket er meir kjend under namnet Eine kleine Nachtmusik. Den tyske tittelen tyder «ein liten serenade», men vert ofte omsett meir unøyaktig til «litt nattmusikk»[1] Verket er skriven for eit kammerensemble med to fiolinar, bratsj, og cello og stundom kontrabass, men vert ofte framført av eit strykeorkester.[2]
Innhaldsliste |
Komposisjon og mottaking [endre]
Serenaden vart gjort ferdig i Wien den 10. august 1787,[2] kring tida då Mozart arbeidde på den andre akta av operaen Don Giovanni.[3] Det er ikkje kjend kvifor stykket vart komponert.[4] Hildesheimer (1991, 215), skriv at dei fleste serenadane til Mozart vart skrivne på bestilling.
Den kjende tittelen på verket kjem frå Mozart sjølv, som nytta dette namnet i den personlege katalogen hans. Verket vart først publisert kring 1827, lenge etter Mozart var død, av Johann André i Offenbach am Main.[2] Det hadde blitt seld til denne forleggaren i 1799 av enka til MozartConstanze, i lag med mange andre av komposisjonane til ektemannen.
I dag er serenaden mykje spelt og både Jacobson (2003, 38) og Hildesheimer (1992, 215) meiner at serenaden er det mest populære av alle verka til Mozart.[5]
Satsar [endre]
Verket har fire satsar:
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Eine kleine Nachtmusik» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hildesheimer, Wolfgang (1991) Mozart. Translated by Marion Faber. Macmillan. ISBN 0374522987.
- Holoman, D. Kern (1992) Evenings with the orkester: a Norton companion for concertgoers. W. W. Norton & Company. ISBN 0393029360.
- Jacobson, Julius H. (2003) The classical music experience: discover the music of the world's greatest låtskrivarar, Volume 2, narrated by Kevin Kline, Sourcebooks, Inc. ISBN 1570719500.
- Zaslaw, Neal and Cowdery, W. (1991) The Compleat Mozart: A Guide to the Musical Works of Wolfgang Amadeus Mozart, Norton. (1991), ISBN 0-393-02886-0.
- ↑ Sjå "Nachtmusik" og "Notturno" i Grove Music Online.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Holoman (1992, 397)
- ↑ Einstein, Alfred; translators Arthur Mendel, Nathan Broder (1962). Mozart, his character, his work. Oxford: Oxford University Press. s. 206. ISBN 9780195007329.
- ↑ Holoman, D. Kern (1992). Evenings with the orkester: a Norton companion for concertgoers. New York: W. W. Norton & Company. s. 398. ISBN 9780393029369.
- ↑ Hildesheimer (1992, 215)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Serenade in G. Eine kleine Nachtmusik KV 525: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Eine kleine Nachtmusik: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.