Don Giovanni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don Giovanni
K. 527
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1787
Første framføring 29. oktober 1787
Typisk lengd 152:13
Satsar 27 (2 akter)
Libretto av Lorenzo Da Ponte

Don Giovanni (K. 527; komplett tittel: Il dissoluto punito, ossia il Don Giovanni (Uthalaraen straffa eller Don Giovanni) er ein opera i to akter med musikk av Wolfgang Amadeus Mozart og ein italiensk libretto av Lorenzo Da Ponte. Han hadde premiere i Praha i Teatro di Praga (i dag Estates Teater) den 29. oktober 1787. Librettoen til Da Ponte vart som mange på denne tida merka som dramma giocoso, eit uttrykk som syner til ei blanding av seriøs og komisk handlingn. Mozart skreiv verket inn i katalogen sin som ein «opera buffa».

Operaen er ein viktig del av standardrepertoaret i opera og er i følgje Operabase den sjuande mest framførte operaen verda over.[1] Operaen har òg vore eit tema for forfattarar og filosofar.

Komposisjon og premiere[endre | endre wikiteksten]

Verket var ferdig den 28. oktober etter at Da Ponte vart kalla attende til Wien for å arbeide på ein annan opera. Overturen til operaen vart skriven ferdig dagen før premieren. Instrumenteringa nyttar doble treblåseinstrument, horn og trompetar, paukar, basso continuo for resitativa, og dei vanlege strykarane. Mozart nytta òg tidvis spesielle musikalske effektar. For ballsalscenen mot slutten av førte akt nyttar Mozart ikkje mindre enn tre ensemble på scenne samstundes for å spele forskjellige dansemusikk synkronisert, kvar i sine respektive taktar. I akt to spela Giovanni mandolin.

Operaen hadde først premiere 29. oktober i Praha og fekk særs god mottaking. Mozart oversåg òg premieren i Wien, som fann stad den 7. mai 1788. For denne produksjonen skreiv han to nye ariar med tilhøyrande resitativ.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 29. oktober 1787[2]
Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart
Premierebesetning i Wien, 7. mai 1788[3]
Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart
Don Giovanni, ein ung, ekstremt tøyleslaus adelsmann baryton Luigi Bassi Francesco Albertarelli
Leporello, tenaren til Don Giovanni bass Felice Ponziani Francesco Benucci[4]
Il Commendatore (Don Pedro) bass Giuseppe Lolli Francesco Bussani
Donna Anna, dottera hans, trulova med Don Ottavio sopran Teresa Saporiti Aloysia Weber[5]
Don Ottavio tenor Antonio Baglioni Francesco Morella
Donna Elvira, ei dame frå Burgos som vart forlaten av Don Giovanni sopran Katherina Micelli Caterina Cavalieri
Masetto, ein bonde bass Giuseppe Lolli Francesco Bussani
Zerlina, Masetto sin trulova sopran Caterina Bondini[6] Luisa Mombelli
Kor: bønder, tenarar, unge damer, musikarar og demonar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Don Giovanni» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2012.
  • Allanbrook, W. J. (1983). Rhythmic Gesture in Mozart: Le nozze di Figaro and Don Giovanni Chicago. (reviewed in Platoff, John. "Untitled." The Journal of Musicology, Vol . 4, No. 4 (1986). pp. 535–538).
  • Casaglia, Gherardo (2005). "29 Ottobre 1787". Almanacco Amadeus, 2005. Accessed 24 mars 2011
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Italiensk Wikipedia .

.

  • Deutsch, Otto Erich (1965), Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-0233-1.
  • Goehr, Lydia (2006); Herwitz, Daniel A. The Don Giovanni Moment: Essays on the Legacy of an Opera. Columbia Press University, New York.
  • Kaminsky, Peter 1996). How to Do things with Words and Music: Towards an Analysis of Selected ensembles in Mozart's Don Giovanni. Theory and Practice
  • Melitz, Leo (1921): The Opera Goer's Complete Guide
  • McClatchy, J.D. (2010). Seven Mozart Librettos. New York: W.W. Norton & Company. ISBN 0 393 06609 6. 
  • Noske, F. R. "Don Giovanni: Musical Affinities and Dramatic Structure." SMH, xii (1970), 167–203; repr. in Theatre Research viii (1973), 60–74 and in Noske, 1977, 39–75
  • Ponte, Lorenzo da. Mozart's Don Giovanni. Dover Publications, New York, 1985. (reviewed in G.S. "Untitled." Music and Letters Vol 19. No. 2 (April 1938). pp. 216–218)
  • Rushton, Julian G. (1981). W.A. Mozart: Don Giovanni Cambridge. (reviewed in Sternfeld, F. W. "Untitled." Music and Letters, Vol. 65, No. 4 (Oct. 1984) pp. 377–378)
  • Schünemann, Georg and Soldan, Kurt (translated by Stanley Appelbaum) Don Giovanni: Complete orkesterl and vokal score Dover 1974
  • Tyson, A. 'Some Features of the Autograph Score of Don Giovanni', Israel Studies in Musicology (1990), 7–26
  1. «Opera Statistics». Operabase. http://operabase.com/top.cgi?lang=en#opera. Henta 2. mars 2012. 
  2. Premiere cast from Casaglia (2005)
  3. Deutsch 1965, 313
  4. Benucci var den første Figaro i Le nozze di Figaro'.
  5. Weber, var svigerinna til Mozart og song ofte i verka hans.
  6. Abert, Spencer, Eisen: W. A. Mozart

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Don Giovanni
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Don Giovanni