Eirene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eirene med ungen Plutos.

Eirene, eller Irene (Εἰρήνη, gresk for 'fred') var gudinne for fred i gresk mytologi. Ifølge nokre tradisjonar var ho ei av dei tre horaiene ('timane'), gudinnene som styrte dagleglivet. Dei to søstrene hennar heitte Eunomia og Dike, og dei var døtrer av Zevs og Themis.

Eirene var ei personleggjering av fred. Ho blei avbilda i kunst som ei vakker ung kvinne som bar eit overflodshorn, septer og ein fakkel eller eit drikkekar kalla rhyton.

Eit kjend verk av Kephisodotos den eldre (ca 370 f.Kr.) viser Eirene som ber barnet Plutos, guden for rikdomm, på armen. Statuen stod ein gong på agoraen i Aten, og er sidan gått tapt. Ein romersk kopi finst ved Glyptothek i München.

Kvinnenamnet Irene og det tilsvarande mannsnamnet Ireneus, som hjå Ireneus av Lyon, kjem frå denne gudinna.

Pax (latin for 'fred') var den romerske gudinna som tilsvarte Eirene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eirene