Eivind Reiersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Reiersen

Fødd11. juni 1877
Sauherad
Død16. september 1947 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, redaktør, fagforeiningsleiar, biograf
MedlemMot Dag
Alle verv

Eivind Reiersen (11. juni 187716. september 1947) var ein norsk arbeidar, redaktør og politikar, aktiv i Arbeidarpartiet og i Norges Kommunistiske Parti. Han var fødd i Nes sokn i Telemark.

Reiersen arbeidde på fabrikk i Solum herad i Telemark. Han melde seg då inn i Arbeiderpartiet i 1899, og fekk med åra fleire tillitsverv i partiet. Frå 1908 til 1913 var han formann i Bratsberg Arbeidarparti, 1914-15 i Bodø Arbeidarparti. Landsstyremedlem i partiet frå 1915 til -20.

Perioden 1916-19 var Reiersen redaktør i avisa Ny Dag, deretter redigerte han Bratsberg-Demokraten fram til 1921. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet frå kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder. På Stortinget var han medlem i Finans- og tollkomiteen. Då partiet i november 1923 delte seg i to fylgde han Norges Kommunistiske Parti. Dei fyrste to åra var han formann i Telemark distrikt av NKP. Både i 1924 og 1927 var han NKP sin fyrstekandidat ved vala for kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder. Varaordførar 1925-26 i Skien.

Reiersen var i 1924 atter redaktør av Ny Dag, frå 1925 til 1929 redigerte han NKP-organet Telemark Kommunistblad (tidlegare Bratberg-Demokraten). Dessutan var han forretningsførar i NKP-avisa Ny Tid til han i 1930 vart ekskludert frå partiet. Sidan melde han seg inn i Arbeidarpartiet.

I januar 1945 vart Reiersen arrestert og sat fengsla på Grini til frigjeringa i mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]