Ekmantransport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekmantransport er nettorørsla til ei væske som følgje av balanse mellom coriolis- og turbulente motstandskrefter. På figuren bles vinden nordover og dreg med seg vatnet i overflata, som resulterer i ekmanspiralen nedover i vassøyla.

Ekmantransport er ein naturleg prosess i havet som kjem av at kvart vasslag i havet dreg med seg laget like under. Dermed vil rørsla til kvart vasslag vere påverka av rørsla til laget over. Krafta på kvart lag nedover i djupet vil derimot verte svakare og svakare, på liknande måte som lyd forplantar seg gjennom luftpartiklar vert svakare og svakare jo større avstanden vert. Namenet på prosessen er kalla opp etter den svenske oseanografen Vagn Walfrid Ekman.

Ekmantransporten er nært knytt til ekmanspiralen, der vind som bles over ei vassflate skapar ein overflatestruam som er vinkelrett ut til høgre frå vindretninga på den nordlege halvkula, og til venstre på den sørlege halvkula. Straumretninga dreiar derimot mot venstre (høgre i sør) nedover i djupet, slik at middeltransporten over heile djupet er 45 grader til høgre (venstre i sør) for vindretninga. Når slik transport oppstår bort frå ei kyststripe, så skapar dette oppvelling av djupt, næringsrikt vatn. Dette skapar ofte gode fiskeforhold i kystområde der dette fenomenet oppstår, som i havområdet utanfor Chile

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]