Vagn Walfrid Ekman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vagn Ekman.
Foto frå 1902

Vagn Walfrid Ekman (fødd 3. mai 1874 i Stockholm, død 9. mars 1954 i Stockaryd) var ein svensk fysikar og oseanograf.

Ekman var utdanna fil.dr. frå Stockholms Högskola i 1902. Same år vart han tilsett som underdirektør ved Det internasjonale havforskningslaboratorium i Oslo. Frå 1910 var han professor i mekanikk og matematisk fysikk ved Lunds universitet.

Ekman er mest kjent for modellen sin for korleis vinddrivne havstraumar under påverknad av corioliseffekten får eit aukande avvik i tilhøve til vindretninga frå overflata og nedover - den såkalla ekmanspiralen.

Fridtjof Nansen hadde på Fram-ekspedisjonen sin i 1893 observert at isfjell dreiv i ei anna retning enn vindretninga. Nansen framsette den hypotesen at vinddrivne havstraumar ville få ein anna retning enn vinden på grunn av jordrotasjonen, og at overflatevatnet i sin tur ville trekkje med seg djupareliggande vasslag, men med stadig større avvik frå vindretninga. Nansen rådspurde Vilhelm Bjerknes, som på det tidspunktet var professor i fysikk ved Stockholms Högskola. Bjerknes sette så ein av dei unge studentane sine, Vagn Ekman, på oppgåva å rekne på hypotesen til Nansen.

I 1905 kom Ekman med modellen sin i avhandlinga Om jordrotationens inverkan på vindstrømmar i hafvet. Modellen vakte stor motstand fordi han braut med den rådande oppfatninga at havstraumar ikkje vart påverka av jordrotasjonen, og at vatnet hadde same retning frå overflata og nedover. Modellen gjeld ikkje berre i vatn, men òg i atmosfæren.

Nansen spurte òg Ekman om årsaka til daudvatn, noko Ekman undersøkte eksperimentelt i 1902-1903, og stadfesta førehandstrua til Bjerknes, om at daudvatn skuldast danninga av indre bølgjer i grenseflata mellom det tyngre sjøvatnet og eit lag ferskt smeltevatn oppå dette. Ekman utførte vidare målingar om kompressibiliteten til sjøvatnet og konstruerte fleire instrument for havforsking, som Ekman straummålar. Sommaren 1930 deltok han i lag med Bjørn Helland-Hansen i ein ekspedisjon med Armauer Hansen til passatområdet mellom Portugal og Kanariøyane for å studere havstraumar.

Ekman gav ut fleire avhandlingar i oseanografi og hydrodynamikk og dessutan ei lærebok i mekanikk (1919). Ekman sitt namn er knytt til fleire viktige tilhøve innan studiet av havstraumar, som ekmanspiral, ekmanpumping og ekmantransport.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Om jordrotationens inverkan på vindstrømmar i hafvet, 1902.
  • On dead-water, 1904.
  • On the influence of the earth's rotation on Ocean-currents , 1905.
  • Mekanik, 1919.
  • Gudstron och den fysiska vetenskapen, 1936.
  • Studies on ocean currents, 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]