Elbląg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elbląg
Hamna og gamlebyen
Hamna og gamlebyen
Flagget til Elbląg Byvåpenet til Elbląg
Flagget til Elbląg Byvåpenet til Elbląg


Plassering
Elbląg is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Ermelandskmasuriske
Grunnlagd
Byrettar
1237
1246
Borgarmeister Henryk Słonina
Geografi
Flatevidd
 - By

80 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

127 055
  1588/km²
Koordinatar 54°5′40″N 19°24′15″EKoordinatar: 54°5′40″N 19°24′15″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 82-300 til 82-315
Telefon-retningsnummer +48 055
Bilnummer NE
Nettstad: www.umelblag.pl


Elbląg (tysk Elbing, latinsk Elbinga) er ein by nord i Polen med om lag 125 000 innbyggjarar. Han høyrer til Ermelandskmasuriske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Elbląg voivodskap (1975–1998) og kommunesenter Gdańsk voivodskap (1945–1975). Byen har ei hamn ved Elblągelva som renn ut i Wisłalagunen om lag 10 km lenger nord. Byen har derfor tilgjenge til Austersjøen via det russiskkontrollerte Baltiysksundet.

I mellomalderen låg den gammalprøyssiske busetnaden Truso ved Drużnosjøen nær den noverande Elbląg i det historiske Pogesania. Busetnaden vart brend ned på 900-talet.[1] Den tyske riddarordenen erobra regionen og innbyggjarane vart spreidd. Den tyske riddarordenen bygde ei borg og grunnla Elbing med innbyggjarar som stort sett kom frå Lübeck. I dag er innsjøen mykje mindre og rekk ikkje bort til byen lenger. Etter Dei tyske riddarane sitt nederlag vart borga øydelagd av innbyggjarane og byen kom så inn under den polske krona (1466), Kongedømet Preussen (1772) og Det tyske keisardømet (1871). Elbing vart kraftig råka under den andre verdskrigen og dei tyske innbyggjarane vart drive bort då krigen var over. Byen var ein del av Polen i 1945 og vart folkesett på ny med polske borgarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. I følgje Elbląg museum