Ermelandskmasuriske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ermelandskmasuriske voivodskap
Województwo warmińsko-mazurskie
Flagget til Ermelandskmasuriske voivodskap Våpenet til Ermelandskmasuriske voivodskap
Flagget til Ermelandskmasuriske voivodskap Våpenet til Ermelandskmasuriske voivodskap
Plasseringa til Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Olsztyn
Fylke: 2 byar og 19 landfylke
Gmina: 116
Folketal: 1 427 091 (2006)
Areal: 24 191,8 km²
Folketettleik: 59 /km²
Heimeside: www.umwd.pl/

Ermelandskmasuriske voivodskap (polsk Województwo warmińsko-mazurskie eller berre Warmińsko-Mazurskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordaust i Polen og største by og hovudstad er Olsztyn. Voivodskapet har eit areal på 24 192 km² og 1 427 091 (2006) innbyggjarar.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Olsztyn og delar av Suwałki og Elbląg. Provinsen har fått namn etter dei to historiske regionane Ermeland og Masuria (polsk Mazury).

Provinsen grensar til Podlasie-voivodskapet i aust, Masoviske voivodskap i sør, Kujaviskpommerske voivodskap i sørvest, Pommerske voivodskap i vest, Wisłalagunen i nordvest og Kaliningrad oblast (ein russisk ekslave) i nord. Regionen utgjer omtrent den sørlege delen av tidlegare Aust-Preussen (ein del av Tyskland), som vart delt mellom Polen og Sovjetunionen i 1945.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet har 49 byar og landsbyar. Folketala under er offisielle tal frå 2006 [1]):

1. Olsztyn (174 693)
2. Elbląg (127 055)
3. Ełk (56 156)
4. Ostróda (33 419)
5. Iława (32 326)
6. Giżycko (29 667)
7. Kętrzyn (28 000)
8. Szczytno (25 680)
9. Bartoszyce (25 423)
10. Mrągowo (21 772)
11. Działdowo (20 824)
12. Pisz (19 332)
13. Braniewo (17 875)
14. Lidzbark Warmiński (16 390)
15. Olecko (16 169)
16. Nidzica (14 761)
17. Morąg (14 497)
18. Gołdap (13 641)
19. Pasłęk (12 179)
20. Węgorzewo (11 638)
21. Nowe Miasto Lubawskie (11 036)
22. Dobre Miasto (10 489)
23. Biskupiec (10 348)
24. Orneta (9 380)
25. Lubawa (9 328)

26. Lidzbark (8 261)
27. Olsztynek (7 591)
28. Barczewo (7 401)
29. Orzysz (5 804)
30. Susz (5 610)
31. Reszel (5 098)
32. Ruciane-Nida (4 894)
33. Korsze (4 632)
34. Górowo Iławeckie (4 554)
35. Biała Piska (4 006)
36. Mikołajki (3 848)
37. Jeziorany (3 376)
38. Ryn (3 006)
39. Pieniężno (2 915)
40. Tolkmicko (2 731)
41. Miłakowo (2 665)
42. Pasym (2 550)
43. Frombork (2 529)
44. Bisztynek (2 493)
45. Miłomłyn (2 305)
46. Kisielice (2 208)
47. Zalewo (2 152)
48. Sępopol (2 015)
49. Młynary (1 837)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ermelandskmasuriske voivodskap er delt inn i 21 fylke (powiat), der to er byfylke og 19 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 116 kommunar (gmina).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ermelandskmasuriske voivodskap