Eldrevatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Eldrevatnet | |
|---|---|
| Stad | Lærdal (Sogn og Fjordane) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 3,48 km² |
| Kystlengd1 | 11,66 km |
| Høgd over havet | 1116 moh. |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Eldrevatnet er eit vatn som ligg i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Innsjøen er regulert og inngår i Borgund kraftverk. Eldrevatnet ligg 1106 - 1116 m over havet. På Eldrehaugen ved sørenden av vatnet går fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Buskerud og kommunegrensa mellom Lærdal og Hemsedal. Kongevegen frå Tuv i Hemsedal til Eldrehaugen er restaurert. Langs vegen ligg fire større informasjonsinstallasjonar med historier og informasjon frå området. På Eldrehaugen vert det informert om steinalder og fangstkultur. Den gamle Kongevegen er å finne innteikna på eit gammalt kart frå Hemsedal, produsert i 1849/50.