Ellenvatnet

Koordinatar: 69°07′13″N 28°54′45″E / 69.12028°N 28.91250°E / 69.12028; 28.91250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellenvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Høgd over havet 120 moh.
Areal 10,93 km²
Koordinatar 69°07′13″N 28°54′45″E / 69.12028°N 28.91250°E / 69.12028; 28.91250
Kart
Ellenvatnet
69°06′35″N 28°54′19″E / 69.10975°N 28.90534°E / 69.10975; 28.90534

Ellenvatnet (finsk Ellijärvi[1]) er ein innsjø som ligg i Øvre Pasvik nasjonalpark i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Den har eit areal på 10,93 km² og ligg 120 meter over havet.[2]

Ellenvatnet er grunt og har ei lang strandlinje med ei stor mengd holmar og småøyer. Det ligg sentralt i nasjonalparken, og er den største innsjøen til parken. Ellenvatnet har utløp mot nord gjennom Ellenelva. Den sørlege delen av innsjøen består av to store bukter, Parvatnet og Skinnposevatnet, som har samband til resten av sjøen gjennom det smale Ellensundet. Frå Parvatnet går ei kort elv opp til Grenseparvatnet (Kertusjärvi) ved finskegrensa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ellenvatnet». Fakta om stedsnavn. Kartverket. Henta 7. mai 2014. 
  2. «Innsjødatabase: Ellenvatnet». NVE Atlas. Norges vassdrags- og energidirektorat. Henta 7. mai 2014.