Elva Reno
| Reno | ||
| Utspring | Dei toscanske Appenninane | |
| - Høgd | 745 moh | |
| Munning | Adriahavet | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 211,8 km | |
| Middelvassføring | 95 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 5 040 km² | |
Reno er ei elv i Emilia-Romagna i Italia. Ho er den tiande lengste elva i Italia (sjette lengste av dei som renn direkte ut i havet) og den viktigaste av elvane i området bortsett frå Po. Namnet på elva har same etymologi som Rhinen[1] og kjem frå det keltiske ordet for «rennande (vatn)».
Ho har eit nedslagsfelt på litt over 5 000 km² og i middelvassføring på 95 m³/s ved munningen. Der elva renn ut på Posletta har ho om lag 25 m³/s. Den høgaste verdien som er registrert er derimot rundt 1 000 m³/s og d et minste er 0,6 m³/s.
Elva har sitt utspring i Le Lari-massivet i provinsen Pistoia (Toscana) om lag 745 meter over havet der to elva renn i hop nær Le Piastre i kommunen Pistoia. Den øvre leia hennar dannar grensa mellom Toscana og Emilia-Romagna og renn i ei skogkledd område kryssa av jernbanelinja Bologna-Porretta-Pistoia. Her er det òg bygd fleire reservoar på elva som vert nytta til produksjon av vasskraft. Reno er den elva i Appenninane som produserer mest straum etter Nera-Velino i Umbria.
I den nedre leia mottar Reno mange sideelvar, og nokre av desse har svært varierande vassføring. Dei viktigaste er Limentra, Silla, Setta, Idice, Sillaro, Santerno og Senio. Elva munnar ut i Adriahavet nær Casalecchio di Reno, søraust for Valli di Comacchio.
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Reno River frå Engelsk Wikipedia .