Elysium Mons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elysium Mons
Elysium Mons.gif
Koordinatar 25° N, 213°V
Høgd 16 km
Oppdagar Mariner 9
Denne boksen: vis  diskuter  endre
Elysium Mons er den midtre vulkanen på biletet. Øvst ligg Hecates Tholus og nede til høgre Albor Tholus. Det kvite nær Hecates er skyer.

Elysium Mons er ein vulkan som ligg på Elysium Planitia på den austlege halvkula av Mars. Han strekkjer seg omtrent 13,9 kilometer over lavaslettene rundt, og omtrent 16 km over datum på Mars; standard nullhøgdnivå definert utifrå atmosfærisk trykk. Diameteren til vulkanen er på omtrent 240 km og kalderaen på 14 km.

Elysium Mons blei oppdaga i 1972 ifrå bilete tekne av Mariner 9 i bane rundt Mars.