Stickney-krateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stickney-krateret fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter-sonden i mars 2008.

Stickney-krateret er det største krateretmarsmånen Fobos. Det ligg på 5°S 55°V på Fobos og utgjer med sine ni kilometer i diameter ein stor del av månen si overflata. Krateret er namnsett etter Chloe Angeline Stickney Hall, kona til Asaph Hall, oppdagaren av Fobos. [1] Inne i Stickney-krateret ligg eit mindre krater som er danna av eit seinare nedslag.

Grøfter og kraterkjeder som tilsynelatande strålar ut ifrå Stickney har leidd til teoriar om at nedslaget som laga krateret nesten øydela månen. Forsking gjort ved hjelp av Mars Express-sonden indikerer at dette ikkje er tilfelle og at dei har blitt danna av materiale kasta av Mars under nedslag på planetoverflata. Kraterveggane til Stickney har ein tydeleg lineær tekstur som skuldast ras i kratersidene. [2]


Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. Blue, Jennifer. «Phobos Nomenclature: Crater».
  2. Fargebilete av Fobos ifrå 6800 kilometer. NASA/JPL-Caltech/University of Arizona (09.04.2008).