Empedokles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Empedocles)
For den undersjøiske vulkanen utanfor Sicilia, sjå Vulkanen Empedokles
Empedokles

Statsborgarskap Acragas
Fødd ca. 494 f.Kr.
Acragas
Død

ca. 434 f.Kr.
Etna, Peloponnes

Yrke lege, filosof, skribent, lyrikar, politikar, orator
Språk gamalgresk
Far Exainetos of Akragas
Empedokles på Commons

Empedokles var ein filosof som levde på byrjinga av 400-talet fvt. og kom frå AkragasSicilia.

Han er kjend for sin teori om at alt stoff i verda skal vera bygd opp av fire grunnelement (ein arkhe-teori). Empedokles sin teori blir difor rekna for å vera opphavet åt elementlæra. Han tenkte seg at alt i den fysiske verda var bygd opp av ei samansetjing av det han såg på som dei fire grunnelementa; eld, luft, vatn og jord. Desse elementa representerte eigenskapane våt, tørr, varm og kald. Alt i verda var såleis laga av ein kombinasjon av desse elementa, og endring kom av endring i samansetjinga av dei ulike elementa. Endringa vart gjort av to krefter, ei som skilde og ei som sette saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.