Erebus bretunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°44′3″S 166°31′41″E
Erebus bretunge
bretunge
none  Erebus istunge er forma av forskjellige krefter som bølgkjer under sommartininga, tidvatn og indre spenning.
Erebus istunge er forma av forskjellige krefter som bølgkjer under sommartininga, tidvatn og indre spenning.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ross Dependency
 - koordinatar 77°44′3″S 166°31′41″E
Administrert under Antarktistraktaten
Erebus istunge strekkjer seg ut i McMurdo Sound frå Ross Island mellom Cape Royds og McMurdo-basen.
Erebus istunge strekkjer seg ut i McMurdo Sound frå Ross Island mellom Cape Royds og McMurdo-basen.
Erebus bretunge is located in Antarktis
Erebus bretunge (Antarktis)

Erebus istunge er ei bretunge som strekkjer seg 11–12 km ut i McMurdo Sound frå kysten av Ross Island nær Cape Evans i Antarktis. Bretunga har ein tjukkleik frå 50 meter ved snuten til 300 meter ved starten, der han sit fast i berggrunnen.[1] Medlemmar frå Discovery-ekspedisjonen leia av Robert F. Scott (1901–1904) namngav og kartla istunga.[2]

Erebus istunge ligg kring 10 meter over havet.[3]

Den lange, smale Erebusbreen drenerer vestsida av Mount Erebus, ein aktiv vulkan som stig 3 794 moh. Fjellet får stadig tilførsel av ny is, sidan snøfallet på øya er større enn snøsmeltinga.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Calving of Erebus Ice Tongue, Nature Magazine. August 16, 1990.
  2. Australian Antarctic Data Centre i Antarktis Gazetteer Name Details.
  3. “Erebus istunge,” NASA Jet Propulsion Laboratory, California Institute of Technology. Undated.