Discovery-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekspedisjonsskipet «Discovery» i den antarktiske isen.

Discovery-ekspedisjonen (engelsk British National Antarctic Expedition, 1901–04, allment kjent som Discovery Expedition) var den første offisielle britiske utforskinga av Antarktis sidan reisa til James Clark Ross seksti år tidlegare. Den omfattande ekspedisjonen vart organisert i fellesskap av Royal Society og Royal Geographical Society (RGS), og tok sikte på å gjennomføre vitskaplege og geografiske undersøkingar i det som hovudsakleg var eit urørt kontinent. Ekspedisjonen var òg starten på den antarktiske karrieren for mange som seinare skulle bli viktige personar i «den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking», blant andre Robert Falcon Scott, som leia ekspedisjonen, Ernest Shackleton, Edward Wilson, Frank Wild, Tom Crean og William Lashly.

Dei vitskaplege resultata dekte omfattande område innan biologi, zoologi, geologi, meteorologi og magnetisme. Det vart gjort viktige geologiske og zoologiske funn, som oppdagingane av dei snøfrie McMurdo Dry Valleys og koloniane av keisarpingvinar ved Cape Crozier. Den geografiske utforskinga førte blant anna til oppdaginga av King Edward VII Land og polarplatået via fjellruta i vest. Ekspedisjonen gjorde ingen seriøse forsøk på å nå Sørpolen, men presterte å setje ein ny sørleg rekord då ei gruppe på tre menn nådde 82°17' sørleg breidde.

Som inspirasjon for seinare reiser var Discovery-ekspedisjonen ein milepåle i britane si utforsking av Antarktis. Etter at han kom heim vart han feira som ein suksess, trass i at det hadde vore naudsynt med ein kostbar hjelpeaksjon for å få «Discovery» og mannskapet laus frå isen, og seinare tvistar om kvaliteten på nokre av dei vitskaplege resultata. Det har vorte hevda at den største feilen til ekspedisjonen var den manglande evna til å meistre teknikken for effektive polarferder med ski og hundar[1] – ein arv som følgde dei britiske antarktisekspedisjonane gjennom den heroiske tidsalderen.

Kart som viser dei generelle arbeidsfelta til Discovery-ekspedisjonen, 1902–04.
Hovudturar:██ Reise til lengst mot sør, november 1902 til februar 1903.██ Reise mot vest, gjennom fjellruta til polarplatået, oktober–desember 1903.██ Reiser til meldingspunkt og koloniane med keisarpingvinar ved Cape Crozier, oktober 1902, september og oktober 1903.

Bakgrunn for ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Forløparar[endre | endre wikiteksten]

Sir James Clark Ross, oppdagar av Rosshavet, Rossbarrieren og McMurdo-sundet.

Mellom 1839 og 1843 gjorde Royal Naval-kapteinen James Clark Ross tre reiser til det antarktiske kontinentet, og på desse oppdaga og utforska han ein ny sektor i Antarktis som seinare vart arbeidsfelt for mange britiske ekspedisjonar.[2] Ross fastslo omtrentlege geografien i området og namngav mange geografiske objekt: Rosshavet, den store isbarrieren (seinare omdøypt til Rossbarrieren), Ross Island, Kapp Adare, Victoria Land, McMurdo-sundet, Cape Crozier og tvillingvulkanene Mount Erebus og Mount Terror.[2] Dei sistnemnde fekk namn etter dei to ekspedisjonsskipa, HMS «Erebus» og HMS «Terror». Han vende tilbake til Rossbarrieren fleire gonger i voner om kome gjennom, men lukkast ikkje. I februar 1842 sette han likevel ein ny sørleg rekord i ei lita vik ved 78°10'.[3] Ross meinte at det låg landområde austom barrieren, men han var ikkje i stand til å fastslå dette.[nb 1][4]

Etter Ross var det ingen registrerte reiser i denne delen av Antarktis på femti år inntil ein norsk kvalfangstekspedisjon i januar 1895 tok ein kort tur innom Kapp Adare, nordspissen av Victoria Land.[5] Med på denne turen var Carsten Borchgrevink, og han utrusta fire år seinare sin eigen ekspedisjon, Southern Cross-ekspedisjonen. Han vart finansiert ved hjelp av ein donasjon på 35 000 pund som vart gjeven av den britiske mediemagnaten Sir George Newnes på vilkår at ekspedisjonen fekk namnet «The British Antarctic Expedition» («Den britiske Antarktis-ekspedisjonen»).[6] I februar 1899 gjekk Borchgrevink i land ved Kapp Adare der ti mann overvintra i ei lita hytte dei sette opp der. Sommaren etter segla han sørover til den vika som Ross hadde funne i barrieren. Frå her reiste ei gruppe på tre med hundeslede over isen, og etter 16 km sette dei ein ny sørleg rekord ved 78°50'.[7]

Rundt hundreårsskiftet mellom 1800- og 1900-talet var det ei aukande internasjonal interesse for det antarktiske området. På omtrent same tid som Discovery reiste ein tysk ekspedisjon under Erich von Drygalski for å utforske den delen av det antarktiske kontinentet som låg sør for Indiahavet. Den svenske oppdagaren Otto Nordenskjöld leia ein ekspedisjon til Graham Land, medan ein fransk ekspedisjon under leiing av Jean-Baptiste Charcot vart sendt til Antarktishalvøya. Til sist reiste ei skotsk gruppe, leia av forskaren William Speirs Bruce, på ein vitskapleg ekspedisjon til Weddellhavet.[8]

Royal Navy, Markham og Scott[endre | endre wikiteksten]

Sir Clements Robert Markham
Kaptein Robert Falcon Scott, leiar for Discovery-ekspedisjonen.

Polarforsking var vorte Royal Navy sitt ansvarsområde i fredstida som følgde etter Napoleonskrigane, med John Barrow, admiralitetet sin andresekretær som pådrivar.[9] Etter Sir John Franklin sin tapte ekspedisjon i 1845, og dei mange resultatlause søka som følgde, minka interessa til marinen for polare strøk. Seinare kom dessutan problema under George Nares sin Nordpol-ekspedisjon i 1874–76, og Nares eiga fråsegn om at Nordpolen var «umogleg», såg til slutt vedtok admiralitetet at ytterlegare oppdrag i polarstrøka ville vere farleg, dyrt og fåfengt.[10]

Royal Geographical Society sin sekretær sir Clements Markham var ein tidlegare marineoffiser som hadde tenestegjort på ein av leiteekspedisjonane etter Franklin i 1851.[11] Han hadde òg følgt Nares på ein del av ekspedisjonen, og vart talsmann for at marinen skulle ta opp att den historiske rolla si.[12] Eit høve opna seg då den prominente biologen sir John Murray, som deltok under Challengerekspedisjonen og dermed hadde førstehands røynsle frå antarktiske farvatn, i november 1893 presenterte eit skriv med tittelen The Renewal of Antarctic Exploration («Gjenopptaking av antarktiske ekspedisjonar»). I skrivet oppfordra han til å utruste ein ekspedisjon i full skala med den føremålet å fremje britisk vitskap.[13]

Murray fekk sterk støtte både av Markham og av Royal Society, Den fremste vitskaplege organisasjonen i England. RGS og Royal Society oppretta ein felles komité som fekk i oppdrag å avgjere kva for ei form ekspedisjonen skulle ha. Ein del av komitemedlemmane motarbeidde visjonen til Markham om ein stor marineoperasjon i stil med Ross og Franklin, men Markham stod så hardnakka på sitt at ekspedisjonen i stor grad vart forma etter ynskjet hans. Fetteren hans og biografen skreiv seinare at ekspedisjonen var «skapt i hjernen hans, resultatet av hans energiske uthald».[14][13]

Markham hadde lenge hatt for vane å notere seg unge lovande sjøoffiserar som kunne ha dei kvalitetane som ein måtte ha for å ta ansvar under eventuelle polarekspedisjonar. Han hadde først observert kadetten Robert Falcon Scott i 1887 då han tenestegjorde på HMS «Rover» i Saint Kitts, og hadde lagt han på minnet. Tretten år seinare var Scott, som no var torpedoløytnant på HMS «Majestic», på utkikk etter høve for karrieremessig avansement, og etter eit møte med Markham i London, søkte han på posten som leiaren til ekspedisjonen. Scott hadde lenge vore i tankane til Markham, og sjølv om han ikkje alltid hadde vore førstevalet for denne oppgåva, hadde fleire av dei andre favorittkandidatane no etter Markhams syn vorte for gamle, eller var oppteke på anna hold.[15] Med den avgjerande støtta til Markham i ryggen vart Scott den 25. mai 1900 utnemnt, og kort tid etter forfremma til kommandørkaptein.

Vitskap eller eventyr[endre | endre wikiteksten]

Framleis gjenstod det å få på plass ekspedisjonen sin kommandostruktur. Markham hadde heile tida stått avgjort på at den øvste leiaren burde vere ein marineoffiser framfor ein vitskapsmann.[16] Etter at han var vorte utnemnt til leiar skreiv Scott til Markham og gjentok at «han måtte ha den fulle kommandoen over skipet og landgruppene», og insisterte på han han vart rådført ved alle framtidige tilsetjingar.[17] Med godkjenning frå Markham hadde komiteen likevel allereie utnemnt John Walter Gregory, geologiprofessor ved University of Melbourne og tidlegare assisterande geolog ved British Museum, til ekspedisjonen sin vitskapleg leiar. Gregory sitt standpunkt, som òg vart støtta av Royal Society sin fraksjon i den samansette komiteen, var at landgruppene burde organiserast og leiast av han; «...Kapteinen skulle instruerast om å gje den bistanden som må til for mudring, tråling osb, og å plassere båtar der dei vitskapleg tilsette har behov for dei.»[17] I strida som følgde hevda Markham at Scotts kommando over heile ekspedisjonen måtte vere total og eintydig, og Scott sjølv pressa heile vegen på for dette under trussel om å trekkje seg. Markhams og Scotts synspunkt vann fram, og Gregory tredde tilbake med merknaden om at det vitskaplege arbeidet ikkje burde «underleggjast eit orlogseventyr».[18]

Denne kontroversen forsura forholdet mellom dei to samskipnadane og fortsette etter ekspedisjonen var over, noko ein kan sjå av kritikken som vart retta mot omfanget og kvaliteten til ein del av dei publiserte resultata.[19] Markham hevda at årsaka til at han stod så hardt på ein marinekommando først og fremst var eit spørsmål om tradisjon og stil, og ikkje eit uttrykk for manglende respekt for vitskapen. Han gjorde det òg klart at han rekna at målet om å nå så langt sør som mogeleg i seg sjølv ikkje fortjente støtte.[18]

Personell[endre | endre wikiteksten]

Ernest Shackleton, annanstyrmann på «Discovery».

Markham hadde håpa på ein fullverdig marineekspedisjon, men admiralitetet varsla om at marinen var i ein pressa situasjon og ikkje hadde offiserar å avsjå.[20] Admiralitetet gjekk derimot med på å frigje Scott og Charles Royds, og seinare òg Michael Barne og Reginald Skelton, slik at dei kunne bli med på ekspedisjonen.[21] Dei øvrige offiserane var frå handelsflåten. Av desse var andre nestkommanderande Albert Armitage, som hadde erfaring med Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen, og Ernest Shackleton, som vart utpeikt til offiser med ansvar for last, lager og forsyningar, og for å arrangere underhaldningstilstelningane.[22] Admiralitetet frigav òg rundt tjue kvartermeisterar og sjømenn, medan resten av mannskapet kom frå handelsflåten eller frå annan sivil teneste.[nb 2][21]

Blant mannskapet på nedre dekk fanst det fleire som seinare vart veteranar i Antarktis. Blant desse var Frank Wild, William Lashly, Tom Crean (som slutta seg til ekspedisjonen etter at ein sjømann deserterte i New Zealand),[23] Edgar Evans og Ernest Joyce.[24] Sjølv om ekspedisjonen ikkje var eit formelt marineprosjekt, føreslo Scott å gjennomføre ekspedisjonen etter retningslinjene til marinen, og mannskapet inngjekk frivillig ein avtale om å arbeide under marinen sine disiplinreglar.[25]

Forskargruppa hadde avgrensa erfaring. Dr. George Murray, etterfølgjaren til Gregory som sjefsforskar, skulle ikkje vere med lengre enn til Australia (faktisk forlét han skipet i Cape Town).[26] Han nytta reisa til å lære opp forskarane, men hadde ingen rolle i detaljarbeidet til ekspedisjonen. Den einaste vitskapsmannen med tidlegare erfaringar frå Antarktis var Louis Bernacchi, som hadde vore med Borchgrevink som meteorolog og observatør av jordmagnetismen. Geologen Hartley Ferrar, 22 år gammal og nyleg utgått frå Cambridge, var ein Markham meinte «kunne gjerast til ein mann». Marinbiologen Thomas Hodgson, frå Plymouth Museum, var ein meir moden person. Den mest erfarne av dei to legane, Reginald Koettlitz, var med sine 39 år det eldste medlemmet av ekspedisjonen. Som med Armitage hadde han vore med på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen.[27] Juniorlege og zoolog var Edward Wilson, som knytte eit nært forhold til Scott. Han hadde den roen, tolmodet og evna til legge kjenslene til side som kapteinen skal ha mangla.[28]

Organisering og målsetting[endre | endre wikiteksten]

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

Den totale kostnaden for ekspedisjonen vart rekna til 90 000 pund (2009-verdi ca. 7,25 mill),[29][30] av dette vart 45 000 gjeve av den britiske regjeringa under føresetnad at dei to samskipnadane kunne skaffe ein tilsvarande sum.[31] Dei oppnådde dette, i stor grad takka vere ein donasjon på 25 000 pund frå det velståande RGS-medlemmet Sir Llewellyn Longstaff.[31] RGS gav sjølv 8 000 pund, den største enkeltståande donasjonen samskipnaden hadde gjeve til noko ekspedisjon til då.[32] Ytterlegare 5 000 pund kom frå Alfred Harmsworth som tidlegare hadde finansiert Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen til Arktis i 1894–97,[33] medan resten kom frå mindre donasjonar. Ekspedisjonen drog òg nytte av ein stor del kommersiell sponsing: Colman's gav sennep og mjøl, Cadbury's gav 3 500 pund (ca. 1 590 kg) sjokolade, Jaeger gav 40 % rabatt på spesialklede, og Bird's, Bovril og andre kom òg med store bidrag.[34]

Skip[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå RRS «Discovery».
«Discovery» si skipsklokke i messing, med inskripsjonen «SS Discovery, London 1901».

Ekspedisjonsskipet vart bygd av Dundee Shipbuilders Company, og var eit spesialbygd fartøy for forsking i antarktiske farvatn. Skipet var ein av dei siste tre-masta seglskutene som vart bygd i tre i Storbritannia.[35] Kostnaden for bygginga av skipet var 34 050 pund (2009-verdi ca. 2,7 mill), pluss 10 322 pund for motorar,[29][35] og den samla kostnaden var på 51 000 pund.[35] Namnet hadde historiske assosiasjonar til marinen, mellom anna til eit av skipa som vart brukt i Nares-ekspedisjonen. Visse eigenskapar dette eldre fartøyet hadde vart òg tatt med i konstruksjonen av det nye skipet. Ho vart sjøsett av Lady Markham den 21. mars 1901 som SS «Discovery» (nemninga Royal Research Ship vart teke i bruk i 1920-åra).[36]

Sidan ho ikkje var eit britisk marinefartøy, ville ikkje admiralitetet tillate «Discovery» å bruke White Ensign. Ho segla til slutt under Merchant Shipping Act, og brukte Blue Ensign og flagget til RGS, samt flagget til Royal Harwich Yacht Club.[37]

Målsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Discovery-ekspedisjonen skulle som med ekspedisjonane til Ross og Borchgrevink arbeide i området rundt Rosshavet. Andre område på kontinentet hadde vorte vurdert, men prinsippet som vart fylgt var at «for å gå for det ukjente, skulle dei starte med det kjente».[38] Dei to hovudmåla med ekspedisjonen vart oppsummert i komiteen sine «instruksjonar til kommandøren» som: «å så langt som mogeleg avgjere karakter, tilstand og utstrekning av den delen av sørpollandet som omfattast av ekspedisjonen», og «å føreta magnetiske undersøkingar i dei sørlege regionane sør for den førtiande breiddegrad, og å utføre meteorologiske, oseanografiske, geologiske, biologiske og fysiske undersøkingar og forskingsoppgåver». Instruksjonen fastslo at «ingen av desse måla skulle ofres til fordel for nokre av dei andre».[35]

Instruksjonane om dei geografiske måla vart meir spesifikke: «Hovudpunkta av geografisk interesse er [...] å utforske isbarrieren til Sir James Ross til det austlege ytterpunktet; å oppdage landet som Ross meinte flankerer barrieren på austsida, eller for å konstatere at det ikkje eksisterer [...] Visst du skulle bestemme deg for å overvintre i isen... skal den geografiske utforskingsinnsatsen konsentrerast om [...] eit framstøyt mot dei vestlege fjella, eit framstøyt mot sør, og utforsking av den vulkanske regionen».[35]

Ekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

Første år[endre | endre wikiteksten]

Eit nyare bilete av den gamle ankerstaden til «Discovery» i Winter Quarters Bay i McMurdo-sundet ved Hut Point i høgre bakgrunn.
Foto: Randy C. Bunney

Utreise[endre | endre wikiteksten]

«Discovery» forlét britisk farvatn den 6. august 1901 og nådde fram til New Zealand via Cape Town den 29. november etter å ha gjort ein avstikkar sør om 40 °S for å utføre magnetiske undersøkingar.[39] Etter tre veker med dei siste førebuingane var skipet klart for reisa sørover. Då skipet la ut frå Lyttelton Harbour den 21. desember, til jubel frå store folkemengder, fall den unge matrosen Charles Bonner ned frå toppen av hovudmasta og omkom. Han hadde klatra opp for å kunne gjengjelde applausen frå publikum. Han vart gravlagt i Port Chalmers to dagar seinare.[40]

«Discovery» segla deretter sørover og kom til Cape Adare den 9. januar 1902. Etter ei kort ilandstiging og undersøking av restane etter leiren til Borchgrevink,[41] heldt skipet fram langs kysten av Victoria Land. Ved McMurdo-sundet svinga «Discovery» austover mot land ved Cape Crozier. Her vart eit førehandsavtalt meldepunkt sett opp slik at eventuelle forsyningsskip kunne finne ekspedisjonen.[42] Deretter følgde dei barrieren til det austlege ytterpunktet. Den 30. januar fekk dei stadfesta at det verkeleg var eit landområde aust for barrieren, slik Ross meinte. Området fekk namnet King Edward VII Land.[43][44]

Den 4. februar gjekk Scott i land på barrieren og tok med ein observasjonsballong han hadde skaffa til luftundersøkingar. Ombord i denne steig han fort opp til ei høgde på 600 fot (180 m). Shackleton var med under ei andre oppstiging, men alt dei kunne sjå var den uendelege overflata på barrieren.[45] Wilson noterte i si private dagbok at han syntes flygingane var «fullstendige galskap»,[46] og eksperimentet vart ikkje gjort på ny.

Winter Quarters Bay[endre | endre wikiteksten]

«Disovery» heldt fram deretter vestover medan dei lette etter ein permanent overvintringsstad, og den 8. februar kom skipet fram til McMurdo-sundet. Same dag ankra ho opp nesten så langt sør det var mogeleg å kome i sundet på ein stad som seinare fekk namnet Winter Quarters Bay. Wilson skreiv: «Vi forstod alle kor ekstremt heldige vi var som fann denne overvintringsstaden, trygt for skipet, med perfekt vern mot trykket frå isen.»[47] Fyrbøtar Lashly syntes derimot det såg ut som «ein trøystelaus stad.»[48] Arbeida på land byrja med oppføring av hytta til ekspedisjonen på ei steinete halvøy som fekk namnet Hut Point. Scott avgjorde at ekspedisjonsmedlemmane skulle fortsette å bu og arbeide ombord. Han let «Discovery» fryse fast i havisen, og brukte hovudhytta som lagerrom og ly.[48]

Det fanst ingen dyktige skiløparar i gruppa, og berre Bernacchi og Armitage hadde noko erfaring med hundesledekjøring. Det første forsøket til mennene på å meistre desse teknikkane var lite oppløftande og stadfesta fordommane til Scott mot dei – han føretrekte menneskeleg trekkraft.[49] Farane som dei uerfarne mennene vart stilt overfor under dei uføreseielege og ukjente tilhøva vart stadfesta då ei gruppe som returnerte frå ei avbroten prøvetur til Cape Crozier kom ut for ein snøstorm den 11. mars og stranda i ein isete skråning. Under eit forsøk på å finne ein tryggare stad sklei matros George Vince over kanten av eit stup og forsvann. Vince vart aldri funnen att, og ein kross med ei enkel innskrift som vart reist til hans minne står framleis på toppen av landtungen ved Hut Point.[50][51]

I vintermånadene mai–august arbeidde forskarane i laboratoria sine medan andre klargjorde utstyr for oppgåvene den neste sesongen. Som avslapping spelte dei amatørteater og hadde lærerike aktivitetar i form av forelesingar. Shackleton redigerte avisa South Polar Times. Utandørsaktivitetane opphørte heller ikkje heilt. Det vart spelt fotball på isen, og dei planlagte magnetiske og meteorologiske observasjonane vart utført.[52] Då vinteren gjekk mot slutten gjorde dei sledeturar for å teste utstyr og proviant i forkant av den planlagte ferda mot sør som Scott, Wilson og Shackleton skulle gjennomføre. Samstundes reiste ei gruppe, under leiing av Royds, til Cape Crozier for å legge igjen ei melding ved stasjonen der. På denne reisa oppdaga dei ein koloni med keisarpingvinar.[53] Ei anna gruppe under leiing av Armitage utforska fjella i vest, og returnerte i oktober med dei første symptoma på skjørbuk i ekspedisjonen. Armitage la seinare skulda for utbrotet på Scotts «sentimentale motvilje» mot å slakte av dyr for kjøtet si skuld.[54] Heile kosthaldet under ekspedisjonen vart raskt lagt om ved at hermetisk kjøtt vart erstatta med ferskt kjøtt, og dermed kom problema under kontroll.[55]

Ferd mot sør[endre | endre wikiteksten]

Ernest Henry Shackleton, Robert Falcon Scott og Edward Adrian Wilson den 2. november 1902.

Den 2. november 1902 gav Scott, Wilson og Shackleton seg i veg med hundar og støttegrupper. Målet deira var «å nå så langt sør i ei rett linje på isbarrieren som me kan, nå polen om mogeleg, eller finne nytt land».[56] Den første viktige milepålen vart nådd den 11. november då ei hjelpegruppe passerte Borchgrevinks sørlege rekord på 78°50'.[57] Mangelen på erfaring med hundar vart derimot snart tydeleg, og framdrifta gjekk sakte. Etter at støttegruppene hadde returnert den 15. november, byrja gruppa til Scott å dele opp lasta og transportere halvparten før dei vendte tilbake og henta den andre halvparten. Dette medførte at dei måtte gå tre kilometer for kvar kilometer de hadde i framdrift sørover. Det vart gjort feil med hundeforet,[58] og kombinasjonen av inkompetent handsaming og feil ernæring svekka hundane slik at Wilson vart tvungen til å slakte dei svakaste for å bruke kjøttet deira som fôr til dei andre.

Mennene leid òg. Dei sleit med snøblinde, frostskadar og symptom på tidleg skjørbuk, men dei heldt fram sørover parallelt med fjella i vest. Juledagen vart feira med doble rasjoner og ein Christmas pudding som Shackleton hadde spart for høvet, gøymd blant sokkane sine.[59] Den 30. desember 1902 nådde dei sitt sørlegaste punkt ved 82°17'S, utan å ha forlate barrieren.[nb 3] Problema vart fleire på heimreisa då dei resterande hundane døydde og Shackleton kollapsa med skjørbuk.[60] Wilson erkjente i dagboka si den 14. januar at «me har alle små symptom på skjørbuk».[61] Scott og Wilson sleit seg vidare med Shackleton, som var ute av stand til å dra, gåande ved sidan av og tidvis liggande på sleden. Gruppa nådde til slutt skipet den 3. februar 1903 etter å ha dekt 960 miles (1 545 km), inkludert etappane for å hente last. Dei brukte 93 dagar på reisa, og la dermed attende i snitt 10 miles (16 km) kvar dag.[59]

Forsyningsskipet når fram[endre | endre wikiteksten]

Forsyningsskipet «Morning» nådde fram medan den sørlege gruppa var undervegs. Organisatorane til ekspedisjonen rekna med at «Discovery» slapp ut av isen tidleg i 1903, slik at det ville vere mogeleg for Scott å gjennomføre ytterlegare ekspedisjonar og målearbeid til sjøs før vinteren sette inn. Planen var at «Discovery» skulle returnere til New Zealand i mars eller april, for så å reise heim til England via Stillehavet, og fortsette dei magnetiske målingane undervegs.[62] «Morning» skulle stå for eventuell assistanse som Scott måtte trenge under denne perioden.[63]

Denne planen heldt ikkje sidan «Discovery» vart verande innefryst. Markham hadde venta dette, og kapteinen på «Morning», William Colbeck, brakte med seg eit hemmeleg brev til Scott der det vart gjeve løyve til å bli endå eitt år i isen.[62] Når dette no var uunngåeleg gjorde nærværet til forsyningsskipet det mogeleg for at nokre ekspedisjonsmedlemmar kunne reise heim. Blant desse var rekonvalesenten Shackleton, som vart sendt heim mot sin vilje. Scott hadde bestemt at han «ikkje burde risikere ytterlegare vanskar i sin noverande helsetilstand».[64] Historiane om ein konflikt mellom Scott og Shackleton stammer frå denne perioden, eller frå ei usemje ein trur dei hadde mellom seg på veg sørover, då dei to skal ha hatt ei hissig ordveksling.[65] Nokre av desse opplysningane kom frå Armitage. Forholdet mellom han og Scott hadde brote saman, og etter at Scott, Wilson og Shackleton hadde gått bort, valte han å avsløre detaljer som sette Scott i eit dårleg lys.[64] Andre vitner fortalte at Scott og Schakleton stort sett hadde eit godt forhold for ein periode;[64] Shackleton møtte ekspedisjonen då han vendte heim i 1904, og skreiv seinare eit særs hjarteleg brev til Scott.[66]

Andre år[endre | endre wikiteksten]

Etter at vinteren 1903 var over førebudde Scott den andre store reisa til ekspedisjonen: klatringa av fjella i vest og utforsking av det indre av Victoria Land. Armitages rekognoseringsgruppe frå dei føregåande åra hadde lagt opp ei rute til ei høgde på 8 900 fot (2 713 m) før dei skulle gjere vendereis, men Scott ønskte å gå vestover frå dette punktet, og om mogeleg til den magnetiske sørpolen. Etter ein dårleg start på grunn av defekte sledar drog ei gruppe som omfatta Scott, Lashly og Edgar Evans ut frå «Discovery» den 26. oktober 1903.[67]

Kolonien med keisarpingvinar ved Cape Crozier vart oppdaga av ei gruppe leia av Charles Royds i oktober 1902.

Då dei nådde toppen av ein stor isbre, som dei gav namn etter geologen i gruppa, Ferrar, nådde dei ei høgd på 7 000 fot (2 134 m) før dei vart tvungen til å bli i leiren i éi veke på grunn av ein snøstorm. Dette medførte at dei ikkje nådde toppen av isbreen før 13. november.[68] Dei gjekk deretter vidare, forbi Armitages sørlegaste posisjon, og oppdaga polarplatået som dei vart den første gruppa til å vandre på. Etter at geologi- og støttegruppene hadde gjort vendereis, heldt Scott, Evans og Lashly fram vestover over den einsformige sletta i ytterlegare åtte dagar. Dei la bak seg ein avstand på ca. 150 miles (241 km) og nådde sitt vestlegaste punkt den 30. november.[67][69]

Etter å ha mista navigasjonstabellane i ein storm under oppstiginga til isbreen, visste dei ikkje nøyaktig kvar dei var, og dei hadde ingen landemerker som kunne hjelpe dei med å bestemme posisjonen. Turen tilbake til Ferrarbreen vart gjort under forhold som avgrensa dei til noko meir enn 1,6 km per time. Dei var avhengige av at Scott navigerte etter tommelfingerregelane, samstundes som dei var i ferd med å gå tomme for proviant.[67] Under nedstiginga frå breen fall Scott og Evans ned i ein bresprekk, eit fall som lett kunne fått eit fatalt utfall. Seinare oppdaga dei eit snøfritt område, eller tørr dal, eit sjeldant fenomen i Antarktis. Lashly skildra den tørre dalen som «ein glimrande stad for dyrking av småpoteter».[67][70] Gruppa nådde «Discovery» den 24. desember etter ein rundtur der dei hadde tilbakelagt 700 miles (1 127 km) på 59 dager. Dagsgjennomsnittet på 14 miles (23 km) på denne turen, med menneskeleg trekkraft, var langt betre enn det som vart oppnådd med hundar på ferda mot sør den føregåande sesongen. Dette styrkte Scott sine fordommar mot hundar ytterlegare.[67] Polarhistorikeren David Crane kalla denne ferda mot vest for «ei av dei store ferdene i polarhistoria».[71]

Fleire andre turar vart fullført under fråværet til Scott. Royds og Bernacchi gjekk i 31 dagar på barrieren i ei søraustleg retning, og observerte den jamne flata og gjorde ytterlegare magnetiske målingar. Ei anna gruppe hadde utforska Koettlitzbreen i sørvest, og Wilson hadde vore ved Cape Crozier for å observere keisarpingvinar på nært hald.[67]

Andre forsyningsekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

Scott hadde håpa at «Discovery» var frigjort frå isen innan han kom tilbake, men ho satt framleis fast. Arbeidet med frigjeringa hadde byrja med issager, men etter tolv døgn med arbeid var det bare to parallelle kutt på 450 fot (137 m), og skipet låg framleis 20 miles (32 km) frå ope vatn.[72] Den 5. januar 1904 kom forsyningsskipet «Morning» tilbake, denne gongen saman med «Terra Nova». Colbeck hadde klåre instrukser frå admiralitetet om at dersom «Discovery» ikkje kunne frigjerast frå isen innan ein bestemt dato, skulle skipet forlatast og utstyret bringast heim på dei to forsyningsskipa. Dette ultimatumet var eit resultat av at Markham var avhengig av at statskassen dekte kostnadane for denne andre forsyningsekspedisjonen, sidan ekspedisjonskassen var tom. Admiralitetet ville dekke kostnadene berre på eigne premissar.[73]

Fristen som vart avtalt mellom dei tre kapteinane, var 25. februar, og det vart eit kappløp med tida for forsyningsskipa å nå «Discovery», som framleis satt fast i isen ved Hut Point. Som ei forsikring byrja Scott overføringa av sine vitskapelege prøver til andre skip. Eksplosivar vart brukt for å bryte opp isen og sagingen av isen vart gjenopptatt. Sjølv om forsyningsskipa mot slutten av januar var i stand til å nærme seg skipet, var «Discovery» framleis fast i isen ca. 3 km frå redningsmannskapa. Den 10. februar innsåg Scott at han måtte forlate skipet, men den 14. februar braut brått mesteparten av isen opp, og «Discovery» var endeleg i stand til å segle saman med «Morning» og «Terra Nova».[74] Ei siste sprengladning fjerna den gjenverande isen den 16. februar. Dagen etter, etter at endå eit problem oppstod da ho sette seg fast på ein grunne, kunne «Discovery» sette kursen tilbake til New Zealand.[75]

Heimkomst[endre | endre wikiteksten]

På tilbakereisa til Storbritannia vart mottakinga til å byrje med heldt hemmeleg. Markham var til stades for å møte skipet i Portsmouth då «Discovery» la til 10. september 1904, men ingen embetsfolk helste gruppa då ho kom til London eit par dagar seinare.[76] Likevel var det stor offentleg entusiasme for ekspedisjonen, og offisielle anerkjenningar følgde. Scott vart raskt forfremma til kommandør. Han vart invitert til Balmoral Castle for å møte Kong Edward VII, som tok han opp som kommandør (CVO) i Royal Victorian Order. Han fekk òg ei rekkje medaljar og utmerkingar frå utlandet; mellom anna den franske Æreslegionen.[77] Polarmedaljen og forfremmingar vart gjeve til andre offiserar og mannskap.[78]

Dei viktigaste geografiske resultata som vart oppnådd på ekspedisjonen, var oppdaginga av King Edward VII Land, klatringa av fjella i vest og oppdaginga av polarplatået, den første sledeturen på platået og barriereturen til ny sørleg rekord på 82°17'S. Naturen til Ross Island vart fastslått,[79] Dei transantarktiske fjella vart kartlagt til 83°S,[80] og posisjonar og høgder på meir enn 200 individuelle fjell vart utrekna.[81] Mange andre objekt vart identifisert og namngjevne, og det var omfattande undersøkingar av kysten.

Det vart òg gjort funn av stor vitskapeleg tyding. Desse omfatta snøfrie tørre dalar i fjella i vest, kolonien med keisarpingvinar ved Cape Crozier og vitskapelege bevis på at isbarrieren var ein flytande isbrem.[82] Eit fossilt blad oppdaga av Ferrar, hjelpte med å påvise Antarktika sitt forhold til superkontinentet Gondwana.[82] Tusenvis av geologiske og biologiske prøvar vart samla og nye marine artar vart identifisert. Plasseringa av den magnetiske Sørpolen hadde òg vorte kalkulert med ein rimeleg nøysemd.

Eit generelt bifall frå marinen sin hydrograf-sjef (og tidlegare motstander av Scott) Sir William Wharton over dei vitskapelege resultata var oppmuntrande.[83] Nøysemda av dei meteorologiske dataa var derimot omstridd i vitskapelege krinsar, og vart kritisert av blant andre presidenten i Physical Society of London, Dr Charles Chree.[84] Scott forsvarte arbeidet til ekspedisjonen, men privat innrømte han at papirarbeidet til Royds hadde vore «frykteleg sjuskete».[85]

Det at dei ikkje unngikk skjørbuk var eit resultat av medisinsk uvitskap om årsakene til sjukdommen heller enn ekspedisjonen si skuld. På den tida var det kjent at eit kosthald som bestod av ferskt kjøt kunne gje ein kur, men ikkje at mangel på det var ei årsak.[86] Dermed vart ferskt selkjøtt teke med på reisa sørover «i tilfelle me finn oss sjøvl angripen av skjørbuk».[87] Under Nimrod-ekspedisjonen i 1907–09 hadde Shackleton unngått sjukdommen gjennom eit forsiktig kosttilskott, som bestod av mellom anna ekstra pingvin- og selkjøtt.[88] Likevel hadde løytnant Edward Evans nesten døydd i løpet av Terra Nova-ekspedisjonen i 1910–13, og skjørbuk var spesielt øydeleggande for Rosshavsgruppa i 1915–16. Det vart verande ein fare frem til årsakene vart fastslått rundt 25 år etter Discovery-ekspedisjonen.[89]

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Scott fekk permisjon frå marinen for å skrive den offisielle ekspedisjonsutreiinga, The Voyage of the Discovery, som vart publisert i 1905 og selde godt.[90] Scott si utreiing i boka om samanbrotet til Shackleton på veg nordover mot «Discovery» førte derimot til usemje mellom dei to. Usemja stod spesielt om versjonen til Scott av i kva grad følgjesveinen hans hadde vorte frakta på sleden. Implikasjonen var at samanbrotet til Shackleton hadde årsaka den relativt lite imponerande sørlege rekorden.[91]

Scott tok til slutt opp att karrieren sin i marinen; først som assistent for sjefen for etterretninga i marinen, og deretter som flaggkaptein for kontreadmiral George EgertonHMS «Victorious».[92] Trass i hans aversjon mot rampelyset hadde han på denne tida vorte nasjonalhelt,[76] og ekspedisjonen vart presentert for offentligheita som ein triumf. Denne euforien var ikkje gjenstand for objektiv analyse eller gjennomtenkte vurderingar av styrkane og svakheitene til ekspedisjonen. Spesielt at Scotts forherliga menneskeleg trekkraft som noko meir nobelt enn andre teknikkar for isferder førte til ein generell mistillit mot metodar som utnytta ski og hundar. Denne tenkemåten vart vidarebrakt til seinare britiske ekspedisjonar.[93] Dette forundra erfarne isfararar som Fridtjof Nansen, som vanlegvis vart spurt til råds om slike saker, men ofte vart avvist.[94][95]

Discovery-ekspedisjonen vart starten på den antarktiske karrieren for fleire personar som vart trufaste deltakarar og leiarar for ekspedisjonar i dei komande femten åra. Bortsett frå Scott og Shackleton vendte Frank Wild og Ernest Joyce frå nedre dekk gjentekne gonger tilbake til isen, tilsynelatande ute av stand til å kome seg tilbake til eit normalt liv.[96] William Lashly og Edgar Evans, følgjesveinane til Scott på reisa vestover i 1903, allierte seg med dei framtidige planane til leiaren og vart hans faste sledepartnarar. Tom Crean følgde både Scott og Shackleton på seinare ekspedisjonar. Løytnant «Teddy» Evans, førsteoffiser på forsyningsskipet «Morning», starta å legge planer for ein eigen ekspedisjon før han vart med på laget til Scott i 1910.[97]

Kort tid etter at han tok opp att oppgåvene sine i marinen avslørte Scott at han hadde intensjon om å vende tilbake til Antarktis ovanfor Royal Geographical Society, men informasjonen vart ikkje offentleggjort på dette stadiet.[98] Shackleton kom Scott i forkjøpet då han tidleg i 1907 annonserte sine planer om å leie ein ekspedisjon med dei to målsettingane om å nå både den geografiske og den magnetiske sørpolen. Under press gjekk Shackleton med på ikkje å arbeide frå McMurdo-sundet, sidan Scott hevda det var hans arbeidsområde.[98] Shackleton var derimot tvungen til å bryte dette løftet sidan han ikkje var i stand til å finne ein annan trygg landingsstad.[99] Ekspedisjonen hans var særs vellukka. Framstøyten mot sør enda ved 88°23', mindre enn 100 geografiske miles frå Sørpolen, og gruppa i nord nådde punktet for den magnetiske Sørpolen.[100] Shackleton sitt avtalebrot førte derimot til at forholdet til Scott vart langt verre, og Scott avviste sin tidlegare følgjesvein som ein løgnar og ein kjeltring.[101]

Scott sine planar vart etter kvart ein realitet – ein omfattande vitskapeleg og geografisk ekspedisjon med erobringa av Sørpolen som hovudmålet. Scott var ivrig etter å unngå amatørstempelet som hadde vore knytt til det vitskapelege arbeidet på Discovery-ekspedisjonen. Han utnemnde Edward Wilson som sin viktigaste vitskapsmann, og Wilson valte ut eit erfarent mannskap.[102] Ekspedisjonen sette av stad i juni 1910 i «Terra Nova», eit av forsyningsskipa under Discovery-ekspedisjonen. Åtkomsten til Antarktis samstundes med Amundsen sin norske ekspedisjon kompliserte programmet til ekspedisjonen og det påfølgjande kappløpet om Sørpolen. Amundsen si gruppe nådde Sørpolen 14. desember 1911, og returnerte trygt heim. Scott og fire følgjesveinar, inkludert Wilson, nådde Sørpolen 17. januar 1912; alle fem omkom på heimreisa.[103]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kaptein Scotts instruksjonar som leiar for Discovery-ekspedisjonen i 1901 var å «oppdage landet som Ross meinte flankerte barrieren mot aust».
  2. Den komplette mannskapslista er gjeve i Savours, s. 19.
  3. Moderne utrekningar av posisjonen, basert på fotografi, indikerer at dei nådde 82°11'. Crane, s. 214–15 og Fiennes, s. 98.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Huntford, s. 188
  2. 2,0 2,1 Coleman, s. 329–335
  3. Preston, s. 12–14
  4. Savours, s. 16–17
  5. Preston, s. 11–12
  6. Preston, s. 14
  7. Huntford, s. 140
  8. Huntford, s. 141–44
  9. Crane, s. 67
  10. Jones, s. 50
  11. Preston, s. 15
  12. Markham, s. 233–42
  13. 13,0 13,1 Jones, s. 56–58
  14. "the creation of his brain, the product of his persistent energy".
  15. Crane, s. 82–83
  16. Crane, s. 80
  17. 17,0 17,1 Crane, s. 91–101
  18. 18,0 18,1 Jones, s. 62–63
  19. Jones, s. 70
  20. Crane, s. 78: "the present exigencies of the Naval Service prevent them from lending officers..."
  21. 21,0 21,1 Huntford, s. 144
  22. Fisher, s. 23
  23. Michael Smith, s. 31
  24. Savours, s. 19
  25. Fiennes, s. 35
  26. Fiennes, s. 43–44
  27. Preston, s. 36–37
  28. Huntford, s. 160
  29. 29,0 29,1 «Britisk punds kjøpekraft frå 1264 til i dag». MeasuringWorth. http://www.measuringworth.com/ppoweruk/. Henta 22. august 2009. 
  30. Fiennes, s. 28
  31. 31,0 31,1 Crane, s. 78–79
  32. Jones, s. 60
  33. Fiennes, s. 36–37
  34. Preston, s. 39
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 35,4 Savours, s. 11–18
  36. Savours, s. 11–15 og s. 110
  37. Crane, s. 113
  38. Fiennes, s. 31
  39. Savours, s. 24
  40. Smith, s. 37
  41. Crane, s. 142
  42. Crane, s. 145–46
  43. Preston, s. 45
  44. Fiennes, s. 55–57
  45. Preston, s. 45–46.
  46. Wilson, s. 111 (dagboknotat, 4. februar 1902)
  47. Wilson, s. 112 (dagboknotat 8. februar 1902
  48. 48,0 48,1 Preston, s. 46
  49. Scott, s. 467
  50. Preston, s. 48
  51. Fiennes, s. 70–72
  52. Crane, s. 175–185
  53. Fiennes, s. 87
  54. Preston, s. 59
  55. Crane, s. 194–196
  56. Wilson, s. 150 (dagbok 12. juni 1902)
  57. Wilson, s. 214 (dagbok 11. november 1902)
  58. Crane, s. 205
  59. 59,0 59,1 Preston, s. 61–67
  60. Crane, s. 226–27.
  61. Wilson, s. 238
  62. 62,0 62,1 Crane, s. 233
  63. Crane, s. 273
  64. 64,0 64,1 64,2 Preston, s. 68
  65. Fiennes, s. 100
  66. Crane, s.310
  67. 67,0 67,1 67,2 67,3 67,4 67,5 Preston, s. 70–76
  68. Fiennes, s. 120
  69. Crane, s. 70
  70. Crane, s. 270
  71. Crane, s. 270
  72. Crane, s. 275
  73. Fiennes, s. 129–30
  74. Smith, s. 66
  75. Crane, s. 277–87
  76. 76,0 76,1 Preston, s. 80–84
  77. Crane, s. 309
  78. Preston, s. 82
  79. Preston, s. 47
  80. Wilson (dagbok 30. desember 1902), s. 230
  81. Preston, s. 77
  82. 82,0 82,1 Crane, s. 272–73
  83. Crane, s. 302
  84. Huntford, s. 229–30
  85. Crane, s. 392
  86. Preston, s. 219
  87. Wilson (dagboknotat 15. oktober 1902), s. 202
  88. Riffenburgh s. 190–91
  89. Huntford, s. 163
  90. Crane, s. 322
  91. Huntford (Shackletons biografi), s. 143-44
  92. Crane, s. 325
  93. Jones, s. 71
  94. Huntford, s. 138–39
  95. Jones, s. 83
  96. Riffenburgh, s. 126
  97. Crane, s. 401–02
  98. 98,0 98,1 Riffenburgh, s. 108–16
  99. Riffenburgh, s. 153–55
  100. Riffenburgh, s. 221–33 og s. 235–44
  101. Huntford (Shackletons biografi), s. 304
  102. Preston, s. 111–12
  103. Preston, s. 197–205

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bokkjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Coleman, E.C. (2006) The Royal Navy in Polar Exploration, from Frobisher to Ross – Tempus Publishing. ISBN 0752436600.
  • Crane, David (2005) Scott of the Antarctic – Harper Collins. ISBN 0007150687.
  • Fiennes, Ranulph (2003) Captain Scott – Hodder & Stoughton. ISBN 0340826975.
  • Fisher, Marjorie and James (1957) Shackleton – James Barrie Books.
  • Huntford, Roland (1985) The Last Place On Earth – Pan Books. ISBN 0330288164.
  • Huntford, Roland (1985) Shackleton – Hodder & Stoughton. ISBN 0786705442.
  • Jones, Max (2003) The Last Great Quest – OUP. ISBN ISBN 0-19-280483-9.
  • Preston, Diana (1999) A First-Rate Tragedy – Constable & Co.. ISBN ISBN 0-09-479530-4.
  • Riffenburgh, Beau (2005) Nimrod – Bloomsbury Publishing. ISBN 0747572534.
  • Savours, Ann (2001) The Voyages of the Discovery: Illustrated History – Chatham Publishing. ISBN 186176149X.
  • Scott, Robert Falcon (1905) The Voyage of the Discovery – Vol 1, Smith, Elder & Co..
  • Smith, Michael (2000) An Unsung Hero: Tom Crean, Antarctic Survivor – Headline Book Publishing. ISBN 1903464099.
  • Wilson, Edward (1966) Diary of the Discovery Expedition – Blandford Press edition. ISBN ISBN 0-7137-0431-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Discovery-ekspedisjonen

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Bernacchi, L.C. (1938) Saga of the «Discovery» – Blackie & Son.
  • Landis, M. (2003) Antarctica: Exploring the Extreme: 400 Years of Adventure – Chicago Review Press. ISBN 1-55652-480-3.
  • Seaver, George (1933) Edward Wilson of the Antarctic – John Murray.
  • Anonym (2001) Discovery Illustrated: Pictures from Captain Scott's First Antarctic Expedition – Reardon Publishing. ISBN 1-873877-48-X.
  • Anonym (2004) The Antarctic Journals of Reginald Skelton: 'Another Little Job for the Tinker' – Reardon Publishing. ISBN 1-873877-68-4.
  • Turley, Charles (2006) The Voyages of Captain Scott – Project Gutenberg.