Eresfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boggestranda ved Eresfjorden

Eresfjorden er ein fjordarm av Langfjorden og Romsdalsfjorden i Nesset kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover til Eresfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kleibjørkneset i sørvest og Rukta i nordaust. Grenda Bogge ligg på austsida, litt sør for Rukta. Riksveg 660 går langs austsida av fjorden. Vestsida av fjorden er ikkje utbygd og her finst berre isolerte gardar. Vestsida er òg høg og forholdsvis bratt med fjelltoppar opp til like over 1000 meter over havet.

På austsida av fjorden ligg Boggestranda som er kjent for sine helleristningar.