Erik Bye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Bye. Foto: Redningsselskapet, Ingar Bie

Erik Erikssøn Bye (1. mars 192613. oktober 2004), fødd i Brooklyn, New York, USA, var ein norsk songar, journalist og programleiar i fjernsyn. Han budde i Asker.

Erik Bye vart karakterisert som ein høvding i norsk kulturliv, og var involvert i fleire av dei tidlegaste fjernsynsprogramma i NRK. I samarbeid med Willy Andresen skreiv han ei rad melodiar.[1]

Erik Bye vekte stor oppsikt då han lét ei gruppe psykisk utviklingshemma barn og ungdommar opptre med «Folk og røvarar i Kardemomme by» på norsk fjernsyn, noko som aldri var gjort tidlegare. Han mottok i ettertid eit brev der ei mor med eit eige psykisk utviklingshemma barn takka han fordi han framstilte dei på ein verdig måte. Han gjorde ein stor innsats for Redningsselskapet gjennom store delar av livet sitt, og fekk nokre år før han døydde honnør for dette langvarige arbeidet ved å oppleve at ei redningsskøyte vart oppkalla etter seg.

Han hadde Master of Arts i faga engelsk, journalistikk og dramaturgi frå University of Wisconsin (1953). Han var journalist i Associated Press (1953-1955), BBCs norske avdeling (1955-1958), og sidan i NRK.

Han var son av Rønnaug Dahl og operasongar Erik Ole Bye. Han var gift med Tove Bye.

Dokumentarfilmen Giganten (2005) skildrar Byes tre siste leveår og den siste offentlege opptredenen hans.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Erik Bye var Riddar av St. Olavs Orden og han fekk ei rad prisar i inn- og utland, blant andre

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bye, Erik: Venners viser og egne vers (1963)
  • Bye, Erik: Munnspill under åpen himmel (1966)
  • Bye, Erik: Spinn mitt hjul (1971)
  • Bye, Erik: Jeg vet en vind (1973)
  • Bye, Erik: Kompasset rundt (1980)
  • Bye, Erik: Å skyte en teddybjørn (1987)
  • Bye, Erik: Fløyterens hjerte (1993/1995)
  • Bye, Erik: Tilbake til sangene (1994)
  • Bye, Erik: Munnspill under åpen himmel (ny utgåve) (1996)
  • Bye, Erik: Vinterlys (2001)
  • Bye, Erik: Byes beste (2004)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vi går om bord (1960)
  • Erik Bye Synger Skjæraasen (1966)
  • Jeg Vet en Vind (1972)
  • Gjensyn (1974) samlealbum
  • Gammel Er Min Fjord (1974)
  • Blow Silver Wind (1976)
  • En Dobbel Deylighet (1978) Saman med Birgitte Grimstad
  • Norske Folketoner (1978)
  • Vandring på Vår Herres Klinkeule (1985)
  • Langt Nord i Livet (1994)
  • En sang under skjorta- Et Visevalg Fra Skattkammeret (1995) samlealbum

Referansar[endre | endre wikiteksten]

På nettet[endre | endre wikiteksten]