Erlend Bratland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlend Bratland
Fødd27. oktober 1991 (32 år)
FødestadHusnes
OpphavNoreg
Aktiv2008–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Erlend Bratland (fødd 27. oktober 1991) er ein norsk songar som vart kjend i Noreg då han vann TV-konkurransen Norske Talenter den 9. mai 2008.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bratland er opphavleg frå Kvinnherad kommune, men budde i 2008 i Haugesund. Bratland var elev på utdanningsprogram for restaurant- og matfag på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund, men valde å slutte på skulen etter første året for å satse på musikken. Bratland er kjent for sin emo-stil som fleire medium har kommentert ikkje passar den musikken han prøver å formidle. Likevel er det òg fleire medium som rosar han for nettopp dette.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Berre 13 år gammal stilte Bratland opp i musikalen Oliver saman med det lokalet Blandakoret på Husnes. Etter dette var han med i ein oppsetting av musikalen ChessBømlo. Bratland har òg utmerkt seg i Ungdommens Kulturmønstring (UKM), der han gjekk heilt til landsmønstringa i 2007, og Talent Haugaland.

Norske Talenter[endre | endre wikiteksten]

Erlend Bratland stilte opp på audition i Bergen i samband med talentkonkurransen Norske Talenter. Han vakte stor oppsikt med sin «mørke» klesstil i ein skjorte med bilete av Marilyn Manson, som stod i sterk kontrast til hans songmåte, som er mjukare. Versjonen hans av «O Holy Night» rørde domar Jan Fredrik Karlsen, som sa: «Herregud. Det er ikkje noko tvil om kva for eit talent du har. Du trefte meg rett i hjartet. Takk skal du ha». I semifinalen song Bratland songen «Nella Fantasia» med raud hårfarge, og vann den siste av dei fem semifinalane. I finalen valde Erlend songen «Lost» av Anouk og grøn hårfarge, og vann tilslutt finalen med 36 % av stemmane. Einskilde samanlikna stemmen hans til songaren Jan Werner undervegs i Norske Talenter, og sjølv takka han avlidne Werner etter konkurransen og sa «Jan Werner er jo eit av førebileta mine. I ei stund som dette, går tankane mine til han».

Etter sigeren i Norske Talenter vart Bratland òg plukka ut til å reise rundt om i Noreg på 15 stader i samband med Idol-turné sommaren 2008, saman med tidlegare Idol-deltakarar som Glenn Lyse, Bjørn Johan Muri og Kim Rune Hagen. Bratland byrja like etter sigeren å spele inn sin aller første singel, versjonen hans av songen «Lost», med plateselskapet Sony BMG.

Videoar med Bratlands framferd på Norske Talenter vekte interessa til kjendisbloggaren Perez Hilton som skreiv «Det er dobbeltgjengaren min!», og la ut ein film av Erlend på sin blogg. Anouk som hadde songen «Lost», som Erlend vann med, vart òg oppmerksam på han, og uttalte «Utruleg bra songval, Erlend! Du gjorde det strålande, og du kom deg til perezhilton.com, og det gjorde eg òg takka vere deg. Tusen takk for at du gjorde så mange klår over songen min».

Første singelet og album[endre | endre wikiteksten]

Den 16. mai, berre to veker etter at han vann i Norske Talenter, vart Bratlands utgåve av «Lost» lagt ut for nedlasting hos Telenor. Veka etter var singelen nr. 4 på VG sin singelliste. 28. mai var Erlend song nr. 1 på VG-lista Topp 20, etter berre 2 veker. I slutten av juni vart det òg kjent at Jan Fredrik Karlsen, ein av dommarane frå Norske Talenter, vart Bratlands manager. 27. oktober 2008 gav han ut debutalbumet True Colors som selde til gull i løpet av kort tid. For albumet vart han nominert til årets nykomar under Spellemannprisen 2008 medan «Lost» vart nominert til årets hit.