Tor Endresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tor Endresen opptrer i Laksevåg sommaren 2007.
Foto: Nina Aldin Thune.

Tor Lars Oskar Endresen (fødd 15. juni 1959) er ein norsk vokalist, songar, Eurovision-deltakar og revyskodespelar frå Bergen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tor Endresen voks opp i Bergen. Han gifte seg rett før tjueårsdagen sin i 1979 med Siren. Dei to er framleis gift og har fem born saman.

Endresen starta karrieren sin i diverse danseband i Bergen, der han gjorde eit par singlar tidleg på åttitalet. I 1986 kom albumet Call Me Stranger ut i samarbeid med Pål Thowsen. På dette albumet var hit-en Black Rain inkludert, og den vart vurdert brukt som filmmusikk til James Bond-filmen The Living Daylights. Valet fall i staden på A-ha. Thowsen og Endresen gav også ut albumet Life Goes On i 1988. [1]

Gjennombrotet til Endresen kom i 1989 med NRK-serien Lollipop - eit nostalgisk musikkprogram med musikk frå 1950- og 60-åra. Tor Endresen hadde her rolla som ein syngjande bartender med glimt i auga, og var fast makker til programleiaren Rune Larsen. Serien vart svært populær i Noreg, og resulterte i fleire plater med musikk frå Lollipop.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1991 gav Endresen endeleg ut si fyrste soloplate, som fekk namnet Solo. Kjærleiksballaden Ingen er så nydelig vart spelt inn på denne plata fyrste gongen. Songen er i dag den aller mest kjende songen av Tor Endresen. Han vart i 1991 kåra til beste låt på Norsktoppen, og han vart spelt for FN-leiren i fjella i Makedonia like etter reveljen, kvar dag i to år.

Året etter gav Endresen ut si andre soloplate, Tor Endresen II. Eitt av høgdepunkta på plata var Radio Luxembourg, Grand Prix-låta til Endresen som havna på andreplass i MGP 1992. I tillegg song Endresen duett med kona Siren på Forelsket, ein coverversjon av Something Stupid. Radio Luxemburg vart kåra til beste låt på Norsktoppen året etter Ingen er så nydelig. I 1994 hadde Tor Endresen hovudrolla i musikalen Ain't Misbehavin'Den Nationale Scene. [2]

Nokre år seinare, etter å ha delteke i to Melodi Grand Prix-tevlingar, kom soloplata Sanger (1996), der han samarbeidde med produsenten Pete Knudsen. I 1997 opplevde han endeleg å vinna Melodi Grand Prix. Vinnarsongen hans heitte San Fransisco, men då han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 1997 i Dublin, inntente han null poeng og havna på 24. plass. I etterkant av dette gav Endresen ut si fyrste samleplate, De aller beste (1997), der San Fransisco var med.

I 1998 samarbeidde Endresen med Rune Larsen om cd-en Nære ting der han hylla 50-talsheltane Kurt Foss og Reidar Bøe ved å spela inn deira eigne songar på nytt. I 1999 laga han filmmusikk til ein Disney-film for fyrste gong. Filmen Tarzan (1999) har den originale filmmusikken ved Mark Mancina og Phil Collins, men Tor Endresen song dei norske versjonane av songane. Som takk for framføringa si fekk Endresen ei originalteikning frå filmen av Disney. [3] To år seinare song han dei norske omsetjingane av songane til Disney-filmen Et kongerike for en lama (2001). I denne filmen syng Sting dei originale songane. [4]

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Tor Endresen si neste plate heitte Blue (2000) og var soulprega og engelskspråkleg. Ein av songane på denne plata var Alone Awake, songen som Jan Eggum hadde skrive på syttitalet og seinare omsett til En natt forbi. Plata inkluderte også ein coverversjon av Cecilia av Simon & Garfunkel.

Hausten 2001 laga Endresen ei joleplate saman med dottera Anne-Sophie til inntekt for Strømmestiftelsen. Plata fekk namnet Julen i våre hjerter.

Eit par år seinare danna Endresen gruppa Seppo saman med Are Selheim. Seppo gav ut albumet Retrofeelia i 2004, der dei fekk hjelp av både Benedicte Adrian og Elisabeth Moberg. Seppo deltok også i Melodi Grand Prix 2005 med songen Can you hear me, og hamna på femteplass.

Endresen gav ut sitt foreløpig siste soloalbum i 2005. I 2005 hadde endresen hovudrolla i musikalen Chess i Sandefjord saman med Tommy Körberg og Guri Schanke. Saman med Rune Larsen framførte han forestillinga Absolutt oss i 2006. Den veldedige joleturnéen Stille natt, hellige natt har han også delteke på saman med Larsen og fleire andre norske artistar. Dei siste åra har Endresen reist mykje rundt med sitt eige konsept, Ausekarane - ein hyllest til Sotra-trubaduren Johannes Kleppevik. Endresen samarbeidde her m.a. med Bjørn Jensen. [5]

På fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Endresen har delteke i fleirfaldige fjernsynsprogram i tillegg til Melodi Grand Prix og Lollipop. Mellom anna var han deltakar i fjernsynsserien CasablancaTV 2, Den store klassefestenNRK i 2001, han tevla i Beat for Beat i 2004, han var gjest i Grip mikrofonen i 2007, og i Allsang på grensen fleire gonger. I 2008 deltok han i Skal vi danse, og i 2011 var han med i både Popstokk og 71° nord. [6]

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Allereie før suksessen med Lollipop hadde Endresen prøvd seg i Melodi Grand Prix for fyrste gong. Han har i alt delteke elleve gonger, og 1997 er det einaste året han har vunne den norske finalen og representert Noreg i Eurovision Song Contest.

  • 1987 - «Hemmelig drøm» (9. plass)
  • 1988 - «Lengt» (duett med Iselin Alme) (4. plass)
  • 1989 - «Til det gryr av dag» (2. plass)
  • 1990 - «Café le swing» (3. plass)
  • 1992 - «Radio Luxembourg» (2. plass)
  • 1993 - «Hva» (3. plass)
  • 1994 - «Aladdin» (2. plass)
  • 1997 - «San Francisco» (vann den norske finalen, fekk 24. plass og null poeng i Eurovision Song Contest 1997.)
  • 1999 - «Lover» (3. plass)
  • 2005 - «Can you hear me» (med gruppa Seppo - 5. plass)
  • 2006 - «Dreaming of a new tomorrow» (5. plass)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Solo (CNR Records, 1991)
  • Tor Endresen II (CNR Records, 1992)
  • Sanger (CNR Music, 1996)
  • De aller beste (CNR Music, 1997) samleplate
  • De nære ting (CNR Music, 1998) m/Rune Larsen
  • Blue (United Music, 2000)
  • Julen i våre hjerter (Rain Songs, 2001)
  • Retrofeelia (Bare Bra musikk, 2004) m/Seppo
  • Now and Forever (2005)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia om Tor Endresen, henta inn 28. september 2011.
  • Engelsk Wikipedia om Filmen Tarzan (1999), henta inn 28. september 2011.