Etter Rubicon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etter Rubicon
RegiLeidulv Risan Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Dag Alveberg Sjå dette på Wikidata
ManusArthur Johansen Sjå dette på Wikidata
MedverkandeSverre Anker Ousdal, Toralv Maurstad Sjå dette på Wikidata
MusikkGeir Bøhren Sjå dette på Wikidata
SjeffotografHarald Paalgard Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1987
Lengd93 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdramafilm Sjå dette på Wikidata

Etter Rubicon er ein norsk spelefilm frå 1987. Filmen hadde premiere på norsk kino 10. september 1987. Han er klassifisert som thriller/drama, har ei speletid på 93 minutt, og tilrådd aldersgrense 15 år.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Under ei militærøving utanfor kysten av Nordland og Troms blir to gutar på fisketur funne sjuke og med uforklarlege symptom. Kort tid etter innlegging på sjukehus døyr dei. Doktor Hoff (Sverre Anker Ousdal) og lensmann Berntsen (Toralv Maurstad) blir på same tid sende ut til tankbåten Rubicon som har meldt om ein eller annan naudsituasjon, men dei finn skipet tomt for folk. Politiet konfiskerar lika til dei to gutane og heile saka er omgitt med hemmeleghald, noko som får doktor Hoff til å starte undersøkingar på eiga hand. Med dette blir han dregen inn i eit politisk spel som syner seg å vera livsfarleg.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Filmen blei spela inn i Lofoten og Vesterålen og ved Norsk film AS sine studioJar. Arthur Johansen og Leidulv Risan skreiv manus medan Leidulv Risan regisserte. Geir Bøhren og Bent Åserud stod for musikken.

Medverkande skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]