Ellen Horn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ellen Horn, (fødd 1. februar 1951), fødd Ellen Stoesen, er ei norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.

Ellen Horn voks opp på Tjøme. Ho dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførde vidaregåande skule[1]. Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Ellen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.

Ellen Horn er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.

Nokre roller[endre | endre wikiteksten]

Sigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK nyheter 7. oktober 2009
  2. Trøndelag Teater - heimeside